Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar studium av eit utval av Horats (65-8 f. Kr.) og Vergil (70-19 f. Kr.). Dessutan skal heile Eneiden av Vergil studerast i omsetjing.

Det blir óg gitt innføring i lyriske versemål og i gresk litteraturhistorie, med særleg vekt på Horats¿ og Vergils førebilete. Vidare skal studentane få eit oversyn over Roma sin topografi og monument med særleg omsyn til Augustus¿ periode.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- auka kjennskap til språk, stil og tematikk i det som særmerker romersk poesi

- auka kjennskap til romersk litteraturhistorie med vekt på poesi i den augusteiske epoke

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- lese romersk poesi på eiga hand med bruk av ordbok

- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.

- identifisere og analysere latinsk metrikk ut frå forfattarar på pensum

- gjere greie for viktige romerske poetar og romersk mytologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan

- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk

- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum. 

26 timar (en dobbelttime i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, med omsetjing og litterær interpretasjon av valde delar av pensumtekstane (med ordbok), og spørsmål om metrikk og andre delar av pensum.

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til munnleg prøve som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hausten 2020 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er til saman på omlag 75 sider romersk poesi (30 liner = 1 side), lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av Roma sin topografi, og relevante delar av meir avanserte framstellingar av romersk litteratur- og kulturhistorie med vekt på Augustus¿ periode.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon