Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeLAT203
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tilbyr eit studium av eit utval talar og retoriske og filosofiske skrifter. Det blir vidare gitt ei innføring i retorikken si historie, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har:
- større kjennskap til latinsk grammatikk og stilistikk gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- omsetje nivåtilpassa tekstar frå norsk til latin
- kan analysere, resymere og vidareformidle latinske tekstar
Generell kompetanse
Kandidaten kan: - setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk - formidle kunnskap om grammatiske strukturar i latin
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av eit skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.
Ein enkelttime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ein 6 timars skriftleg heimeeksamen, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til latin med ordbok og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.
.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstelling av klassisk retorikk og av filosofi, samt relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for klassiske fag
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 07.06.2022, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Trekkfrist
- 24.05.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.