Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tilbyr eit studium av eit utval talar og retoriske og filosofiske skrifter. Det blir vidare gitt ei innføring i retorikken si historie, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til latinsk grammatikk og stilistikk gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • omsetje nivåtilpassa tekstar frå norsk til latin
  • kan analysere, resymere og vidareformidle latinske tekstar

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • formidle kunnskap om grammatiske strukturar i latin

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: LAT100, LAT102, LAT104, LAT105, LAT107.
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av eit skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.

Ein enkelttime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

6 timars skriftleg eksamen, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til latin med ordbok og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg moglegheit for vurdering tidleg hausten 2023. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstelling av klassisk retorikk og av filosofi, samt relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.