Latinsk historieskriving med bacheloroppgåve
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeLAT251
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet omfattar lesing av eit utval av tekstar frå latinske historikarar. Andre sjangrar relaterte til historie kan dragast inn. Det blir òg gitt ei innføring i overleveringshistorie og tekstkritikk.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har:
- større kjennskap til latinsk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- utvikle, avgrense og formulere fruktbare problemstillingar innan temaet
- kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga
- analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- setje seg inn i ein omfattande faglitteratur - formidle kunnskap derifrå - utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
LAT251 overlappar med LAT201 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.
26 timar (ein dobbelttime i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk rettleiing knytt til bacheloroppgåva.
Vurderingsformer
Ei bacheloroppgåve under rettleiing og justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva må ha blitt godkjend for at kandidaten skal kunne gå opp til munnleg eksamen. Endeleg sensur blir gitt etter munnleg eksamen. Det blir gitt ein samla karakter på oppgåva og den munnlege eksamenen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av overleveringshistorie og tekstkritikk, og av litteraturhistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for klassiske fag
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 02.05.2022
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen
- Eksamensperiode
- 23.05.2022–03.06.2022
Eksamensdel: Bacheloroppgåve
- Innleveringsfrist
- 16.05.2022, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen