Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Latin: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir meir djuptgåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område av latinsk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som har inngått i studiet tidlegare (t.d. romersk poesi, historieskriving eller retorikk), ein ny periode (t.d. seinantikken eller renessansen), eller eit spesialfelt som epigrafikk eller paleografi.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har:

- større kjennskap til latinsk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne

- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheter

Kandidaten kan:

- utvikle, avgrense og formulere problemstillingar innan et gitt tema

- kartlegge kva forskingslitteratur og kjelder som er relevant for problemstillinga

- analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

- setje seg inn i ein omfattande faglitteratur

- formidle kunnskap derifrå

- utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

LAT254 overlappar med LAT204 (15 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Ein rår til at studentane tek del i eventuelle metode- og oppgåveseminar innafor mastergradsstudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon av tema og metode ved eit seminar.

Obligatorisk rettleiing på bacheloroppgåva.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir gitt etter sensur på bacheloroppgåva og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er dels tekstar på latin og i omsetjing, dels sekundærlitteratur. Omfanget av tekstane er avhengig av vanskegraden og høvet mellom originaltekst, omsetjingar og sekundærlitteratur, og av type tema.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Bacheloroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2020, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen