Hjem
Utdanning
Masteremne

Latin tekstpensum I

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til latinsk språk og litteratur

Innhald: Studenten les eit latinsk tekstpensum, anten innan eit spesifikt felt definert etter sjanger, tema, periode, dialekt eller stil, eller et utval tekster frå ulike felt med sikte på brei kompetanse. Ei tilrådd inndeling er å lese prosa på LAT301, medan ein les drama og poesi på LAT303. I tillegg les ein på begge emna sekundærlitteratur om dei aktuelle latinske tekstane.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten har

- inngåande kjennskap til latinsk språk og grammatikk

- inngåande og detaljert kunnskap om valde latinske forfattarar og tekster.

- innblikk i forskinga på dei valde latinske forfattarane og tekstene

 

Ferdigheiter:

Kandidaten kan

- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel

- relatere latinske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den latinske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen.

- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend latinsk tekst utan hjelpemiddel.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan

-forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Minst 90 studiepoeng i latin på bachelornivå (eller dokumentert tilsvarande kunnskapar).

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå, elles i form av individuell rettleiing. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar

Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. "Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik."

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 200 sider latinsk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer latinsk vers, eller en vekta kombinasjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei latinske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.

Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    30.09.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    18.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    04.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    20.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen