Latin: Særpensum (masternivå)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til den tekstkategori (forfattar, genre osv.) som skal gi grunnlag for masteroppgåva, og vidare gi eit oversyn over den moderne forskingslitteraturen kring tekstkategorien.

Innhald: Studenten leser eit latinsk tekstpensum som skal gi grunnlag for masteroppgåva, og sekundærlitteratur relatert till de latinske tekstene.

Læringsutbyte

Kandidaten har

- inngåande kjennskap til latinsk språk og grammatikk

- inngåande og detaljert kunnskap om valde latinske forfattarar og tekster.

- innblikk i forskinga på dei valde latinske forfattarane og tekstene

Ferdigheiter:

Kandidaten kan

- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel

- relatere latinske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den greske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen.

- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend latinsk tekst utan hjelpemiddel.

Generell kompetanse:

- Kandidaten kan forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art. Det fører med seg meir omfattande lesing av sekundærlitteratur, og kan gjennom spesialiseringa førebu val av tema for mastergradsoppgåva.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 studiepoeng i latin på bachelornivå (eller dokumenterte tilsvarande kunnskapar).
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 10 studiepoeng med LAT305
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Tekster og vitskapleg litteratur skal lesast individuelt under rettleiing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ein munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere latinske tekster frå pensum, og svare på spørsmål med utgangspunkt i de omsette tekstane og frå pensum elles.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår/haust etter behov. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 200 sider latinsk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer gresk vers, eller en vekta kombinasjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei latinske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.

Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.

Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium