Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Syntaks

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeLING111
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Syntaks er studiet av setningsstruktur. Kurset tek utgangspunkt i moderne syntaktisk teori. Det gjev ei innføring i syntaktiske strukturar og i lingvistisk argumentasjon og tek føre seg grunnleggjande fenomen innan grammatikk, t.d. trekkbaserte grammatikkar..

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt innan syntaktisk teori
  • omskrive viktige omgrep innan syntaks

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne strukturelle beskrivingar av setningar.
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan syntaks

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med syntaktiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt EXFAC00SK eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del framandspråkleg litteratur, spesielt på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, om lag 24 timar pr semester. Dersom det er praktisk mogleg, blir det også tilbode øvingar på datamaskin.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på fire timar. Eksamen kan bli avvikla som digital eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar bokkapittel og artiklar som gjev ei grundig innføring i syntaktisk teori, om lag 300 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for lingvistikk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    11.02.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    02.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen