Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Semantikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset omfattar grunnleggjande semantiske emne som t.d. ord- og setningsmeining, referanse, innhald og denotasjon, leksikalske semantiske relasjonar, komposisjonalitet, semantiske roller, deiksis, logisk følgje, presupposisjon og implikatur, m.m. Vidare blir det gjeve ei innføring i modellteoretisk semantikk (ein logisk teori som søkjer å gjere greie for setningsmeining gjennom å relatere setningar til modellar av verda) og tilhøvet mellom semantikk og syntaks. 

Læringsutbyte

Kunnskapar¿

Kandidaten kan

  • attgje og drøfte grunnleggjande omgrep og metodar innanfor lingvistisk semantikk
  • knytte semantiske problemstillingar til lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • kritisk vurdere semantiske omgrep og metodar i høve til semantiske formaliseringar
  • nytte grunnleggjande omgrep og metodar innanfor lingvistisk semantikk for å tolke språkyttringar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • analysere språkvitskaplege problemstillingar knyttet til semantikk
  • kommunisere om problemstillingar, analysar og konklusjonar innan lingvistisk semantikk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del litteratur på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på førelesingar, omlag 24 timer pr semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk oppgåve på ca. 2 sider må leverast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på seks timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

-

Litteraturliste

Pensum er på om lag 300-350 sider med artiklar.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

-

Emneansvarleg

-

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.11.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    30.11.2021, 15:00
    Trekkfrist
    16.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen