Fonologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gjev ei stutt innføring i sentrale fonetiske omgrep, og ei innføring i sentrale omgrep i funksjonell fonologi og i etter-strukturalistiske fonologiske teoriar (generativ fonologi, autosegmental fonologi og metrisk fonologi). Desse teoriane søkjer å gjere systematisk greie for samanhengane mellom systema av vokalar, konsonantar, trykk, tone og rytme i ulike språk.

Føremålet med emnet er å gi ei innføring i dei lydlege aspekta av menneskeleg språk, Emnet eignar seg godt for studentar som skal skrive fonologiske oppgåver innanfor eit språkstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne fonologi
  • omskrive viktige omgrep innan fonologi

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne fonologiske beskrivingar og reglar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan fonologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med fonologiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar

Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med fonologiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studenten har avlagt ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på førelesingar, 2 timar per veke.

Øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar kan kome i tillegg.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktvitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på tre timar.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er kapittel frå lærebøkerog artiklar, på til saman omlag 350-450 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium