Språk og kognisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i kognisjonsvitskap relatert tilspråkleg kunnskap, språktileigning og bruk av språk.Gjennom døme vil studentane lære om korleispsykologiske og kognitive aspekt av språk kan studerast.

Føremålet med emnet er å gje studentane eit innblikk ispråket sin psykologi, å illustrere korleis språkvitskap og eksperimentell psykologi er relaterte, og å gje eit grunnlagfor vidare studium i kognitive tilnærmingar til språk.

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne

· gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delarav den studerte faglitteraturen og dei aktuellemetodane.

· grunngje valet og bruken av omgrep og metodar ieigne arbeid.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex.fac.-variantenSpråk og kommunikasjon eller tilsvarande. Det vert kravdevne til å lese engelsk.
Studiepoengsreduksjon
LING122 overlappar med LING118 (5 stp).
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet iBergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emnekan instituttet innføre redusert undervisning, jamførinstituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emneder dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen forsemesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal levere inn ei obligatorisk oppgåve til godkjenning.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 3 timer.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum vert lagt til rette av førelesar. Pensum er omlag 300 - 400 sider, inkludert aktuelle artiklar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret i lingvistikk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium