Språk og data
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeLING123
- Talet på semester1
- Språk Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek føre seg det formelle grunnlaget for beskriving av språk og datamaskinelle metodar for behandling av språk. Målet er å sette studentar i stand til å tenke på ein matematisk presis måte når dei karakteriserer eit språk, og å bruke dataverktøy og programmering for å prosessere tekst.
Emnet gjev ei innføring i formelle metodar i lingvistikken. Emnet gjev også ei innføring i digital koding av tekst, i elektroniske språkressursar (spesielt korpus), programmering (i t.d. Python som programmeringsspråk), språkprosessering og språkteknologiske bruksområde. Dette emnet eignar seg for studentar i lingvistikk, språkstudier, informatikk, informasjonsvitenskap, kunstig intelligens og kognisjonsvitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan attgje og gjere greie for dei grunnleggjande formelle metodane som vert nytta innanfor forsking og utvikling i syntaks, semantikk og språkprosessering, til dømes:
- grafar og trær
- automatar, grammatikkar og klassifiseringa av formelle språk innanfor Chomskyhierarkiet
- algoritmar og kompleksitet
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- gjennomføre viktige resonnement om automatar, grammatikkar og formelle språk, og t.d. nytte pumpelemma
- skrive enkle korrekte program for behandling av språklege data (tekst)
- skrive regulære uttrykk for søk og erstatning i tekst
- ekstrahere informasjon frå tekst på verdsveven
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- bruke induksjon som bevismetode
- bruke korrekte matematiske formuleringar
- bruke tekstkorpus som empirisk materiale
- vurdere tekst på verdsveven som datamateriale.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK eller tilsvarande.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar (omkring 26 timar pr semester), sjølvstudium og øving, inkl. programmering på datamaskin.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om dette ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal levere to obligatoriske oppgåver, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Digital skriftleg eksamen på 4 timer.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum består hovudsakleg av beskrivingar av formelle og datamaskinelle metodar, bl.a. instrukser og eksempler på programmering, ca. 400 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Administrativt ansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 13.05.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 29.04.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 4. etg.