Morfologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I morfologi skal studentane setje seg inn i følgjande emne og gjere greie for dei:

  • avgrensing mellom morfologi og fonologi;
  • type/varians-omgrep: morfem, morf, allomorf, morfofonologisk veksling;
  • forskjellige ord-omgrep: syntagmatisk ord, ordform, morfo-syntaktisk ord, leksem;
  • konstruksjonstypar i ord: stammedanning (samansetjing, avleiing) og bøying;
  • emne frå grenseområdet morfologi/syntaks: ulike definisjonsgrunnlag for ordklasseinndeling, viktige morfologiske og syntaktiske kategoriar av nominal og verbal type i ymse språk;
  • hovudmodellar for beskriving av språk: prosess og arrangement.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne morfologisk teori
  • omskrive viktige omgrep og modellar innan morfologi

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne morfologiske beskrivingar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan morfologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med morfologiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar

Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med morfologiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK eller tilsvarande. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand.
Studiepoengsreduksjon
LING120 (5 stp.)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på førelesingar, samt øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar, about 36 hours per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktvitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på fire timar. Eksamen kan bli avvikla som digital eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er hovudsakleg kapittel frå lærebøker og artiklar, på til saman omlag 150-250 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium