Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Morfologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 I morfologi skal studentane setje seg inn i følgjande emne og gjere greie for dei:

  • avgrensing mellom morfologi og fonologi;
  • type/varians-omgrep: morfem, morf, allomorf, morfofonologisk veksling;
  • forskjellige ord-omgrep: syntagmatisk ord, ordform, morfo-syntaktisk ord, leksem;
  • konstruksjonstypar i ord: stammedanning (samansetjing, avleiing) og bøying;
  • emne frå grenseområdet morfologi/syntaks: ulike definisjonsgrunnlag for ordklasseinndeling, viktige morfologiske og syntaktiske kategoriar av nominal og verbal type i ymse språk;
  • hovudmodellar for beskriving av språk: prosess og arrangement.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne morfologisk teori
  • omskrive viktige omgrep og modellar innan morfologi

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne morfologiske beskrivingar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan morfologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med morfologiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar

Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med morfologiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK eller tilsvarande. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand.

Studiepoengsreduksjon

LING120 (5 stp.)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på førelesingar, samt øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar, about 36 hours per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktvitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på fire timar. Eksamen kan bli avvikla som digital eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

 Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum er hovudsakleg kapittel frå lærebøker og artiklar, på til saman omlag 150-250 sider.

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativt ansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    26.05.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    05.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen