Språkvariasjon i tid, rom og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset tar for seg vekslande tema innanfor språkvariasjon i tid, rom og samfunn, til dømes språktypologi, diakron lingvistikk og sosiolingvistikk.

Språktypologi er studiet av dei systematiske likskapane og ulikskapane mellom dei grammatiske, morfologiske, fonologiske og semantiske systema i naturlege språk i verda, og vokabularstrukturen deira.

Diakron lingvistikk er studiet av endring av naturlege språk over tid, påvirka av språkinterne prosessar eller av andre språk.

Sociolingvistikk er studiet av språkvariasjon i samfunnsgrupper.

Kurset tek opp korleis ein kan forstå variasjon og endring som konsekvensar av samfunnstilhøve, historiske endringar og psykolingvistiske prosessar i samverknad med språkinterne grammatiske og lydlege strukturar. Det vil variere kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • gjengi og drøfte problemstillingar og teoriar innan språkvariasjon
  • knytte desse problemstillinger til teoriar om til dømes språkuniversaliar, historiske eller samfunnsmessige endringar

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • analysere språkvitskaplege problemstillingar
  • kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK og dei obligatoriske lingvistikkemna på 100-nivå er sterkt anbefalte forkunnskaper.
Studiepoengsreduksjon
LING251 5 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal levere ei obligatorisk øvingsoppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer

Skuleeksamen 3 timer.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Det blir lagt opp eit pensum på om lag 150-200 sider vitskapleg litteratur i tilknyting til dette emnet. Innhaldet vil variere etter kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium