Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Språkvariasjon i tid, rom og samfunn med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeLING251
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Engelsk ved behov. 
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Kurset tar for seg vekslande tema innanfor språkvariasjon i tid og rom, til dømes språktypologi eller diakron lingvistikk.

Språktypologi er studiet av dei systematiske likskapane og ulikskapane mellom dei grammatiske, morfologiske, fonologiske og semantiske systema i naturlege språk i verda, og vokabularstrukturen deira.

Diakron lingvistikk er studiet av endring av naturlege språk over tid, påvirka av språkinterne prosessar eller av andre språk.

Kurset tek opp korleis ein kan forstå variasjon og endring som konsekvensar av samfunnstilhøve, historiske endringar og psykolingvistiske prosessar i samverknad med språkinterne grammatiske og lydlege strukturar. Det vil variere kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • gjengi og drøfte problemstillingar innan språkvariasjon
  • knytte desse problemstillinger til teoriar om til dømes språkuniversaliar og historiske endringar

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa lingvistisk studie under rettleiing
  • analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til a¿ strukturere og formulere lingvistiske resonnement
  • uttrykke sine resonnementer om språkvariasjon skriftlig i form av en bacheloroppgåve

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • analysere språkvitskaplege problemstillingar
  • formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre lingvistiske uttrykksformer

kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

LING251 overlappar med LING250 (15 stp) og LING204 (15 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar.

Om lag 3 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av bacheloroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen har form av ei rettleidd bacheloroppgåve (om lag 3000-4000 ord) over oppgjeve emne.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit pensum på om lag 500 sider vitskapleg litteratur i tilknyting til dette emnet. Innhaldet vil variere etter kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

E-post: studierettleiar@lle.uib.no 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    20.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    06.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen