Hjem
Studentsider
Masteremne

Lingvistikk: Moderne grammatisk og semantisk teori

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I denne emnekrinsen studerer ein nyare sentrale arbeid innanfor syntaktisk og semantisk teori, til dømes Leksikalsk-funksjonell grammatikk (LFG), Head-driven phrase structure grammar (HPSG), Prinsipp- og parameterteori, optimalitetsteori, kognitiv grammatikk, diskursrepresentasjonsteori (DRT), nyare retningar innanfor leksikalsk semantikk, eller andre aktuelle rammeverk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for nyare vitskaplege arbeid innanfor den aktuelle lingvistiske disiplinen
  • omskrive viktige omgrep og utgangspunkt innan syntaktisk og semantisk teori

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne ulike lingvistiske beskrivingar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet i eiga forsking

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med syntaktiske eller semantiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
  • diskutere ulike tilnærmingar med andre
  • ha eit kritisk blikk på ein eller fleire arbeider og uttrykke seg skriftleg om dette

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar, omlag 24 timar pr. semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervingssemesteret. 

Vurderingsformer

7 dagars individuell digital heimeeksamen. Studenten skal levere eit essay på 3000-5000 ord, i tillegg til referanser og eventuelle vedlegg.

Det er ikkje høve til samarbeid mellom studentar eller å stille faglege spørsmål til faglærer når eksamen har starta. Eksamensstart reknast frå tidspunktet eksamensoppgåvene er tilgjengelege for kandidatene. 

Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddel det er lov å nytta: pensum, bibliotekressursar og referansar og verktyg angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siterast.

Karakterskala

A-F.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit artikkelpensum på om lag 400-500 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativt ansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    07.05.2021, 13:00
    Innleveringsfrist
    14.05.2021, 13:00
    Trekkfrist
    23.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen