Hjem
Studentsider
Masteremne

Eksperimentell psykolingvistikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeLING306
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, Engelsk ved behov.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Eksperimentell psykolingvistikk testar modellar for korleis hjernen og det menneskelege kognisjonssystemet utfører persepsjon, produksjon og representasjon av språk. Kurset gjev ein introduksjon til aktuelle problemstillingar i psykolingvistikk, og gjev ei innføring i eksperimentelle forskingsmetodar (inklusive etiske omsyn ved forsking på menneske) via design og utføring av eitt eller fleire eksperiment. Føremålet med kurset er å gje eit grunnlag for vidare eksperimentelle studium innan menneskeleg språkleg persepsjon og produksjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt, omgrep og metodar innan eksperimentell psykolingvistikk, inklusive etiske omsyn

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • setje opp og utføre enkle eksperiment, tolke resultata og formidle aktiviteten i form av ein rapport.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • uttrykke seg skriftleg om eksperiment og resultat i ein rapport i APA-format
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine eksperiment og resultat

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK, DASPSTAT. Emnet omfattar både lingvistisk og statistisk kunnskap, og grunnleggjande forkunnskapar i desse emna blir tilrådd.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar, og design/programmering av eit eksperiment på datamaskin, utføring av eksperimentet og statistisk analyse og interpretasjon av resultata; om lag 36 timar pr semester. Vidare blir det gjeve 1 eller 2 timar individuell rettleiing i samband med skriving av eksperimentrapporten.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal ha minimum 80 % frammøte i og tilfredsstillande deltaking i laboratorieverksemda gjennom semesteret. Deltaking godkjennast av kursleiar i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på om lag 4000 ord (referansar, vedlegg mm. ikke medrekna). Oppgåva skal skrivast i APA-format eller eit anna internasjonalt akseptert format for eksperimentelle rapportar.

Hjelpemiddel til eksamen

Pensum, bibliotekressursar, referansar, data og verktyg angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siterast.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar innføringslitteratur og vitskaplege artiklar innanfor eksperimentell psykolingvistikk, om lag 400 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

-

Emneansvarleg

-

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    12.03.2021, 13:00
    Trekkfrist
    19.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen