Hjem
Studentsider
Masteremne

Datalingvistiske modellar og bruksområde

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar frå kunstig intelligens for utvikling av språklege modellar og bruksområde. Aktuelle emne innan modellering er t.d. maskinlæring og klassifiseringsalgoritmar på grunnlag av regelinduksjon, nevrale nettverk, næraste nabo, osb.  Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.

Dette emnet eignar seg også for studentar i t.d. informasjonsvitskap og digital humaniora.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan ...

  • gjengi prinsipp og metodar for modellering på lingvistiske kategoriar og språkprosessar
  • gjengi prinsipp og metodar for digital prosessering av naturlige språk

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • bygge og teste modellar for språkprosessar og applikasjonar, basert på språklege data og eksisterande algoritmar

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • rapportere om ein modelleringseksperiment, inkl. oppsett, innhenting av data, val av verktyg, produksjon av resultater, tolkning og konklusjon
  • kritisk vurdere nytten av modellar for innsikt i menneskeleg språkprosessering og for praktiske applikasjonar i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Grunnleggende kunnskaper og programmeringsferdigheiter i Python.

Tilrådde forkunnskapar

 LING123 og DASPSTAT eller tilsvarande er sterkt tilrådet.

Studiepoengsreduksjon

DASP303 (15 stp), DASP304 (15 stp)

Krav til studierett

 Krav om gyldig studierett på masternivå ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Førelesingar, sjølvstendige øvingar på datamaskin og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva og litteraturliste minst ein veke i forkant.

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve som rapporterer om ei individuell modellerings- eller programmeringsoppgåve. Oppgåva skal ha ca. 5000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna).

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum består hovudsakleg av ei innføring metodane som blir nytta innan dette feltet, særleg med vekt på kognitiv modellering og maskinlæring og med tanke på bruksområde. Datamaskin brukast til øvingar. 

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    05.12.2022, 13:00
    Trekkfrist
    14.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen