Hjem
Utdanning
Masteremne

Metode for språklege mastergrader

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeLING311
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk dersom det er naudsynt, elles norsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i empirisk metode for språkstudium, t.d. innsamling, oppbygging og bruk av tekstkorpora. Varierande frå semester til semester kan også andre metodeemne bli tekne opp, til dømes feltmetodar og arbeid med informantar, utarbeiding og bruk av spørjeskjema, og statistiske metodar relevante for handsaming av korpusdata og informantdata.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjengi og diskutere viktige vitskapsteoretiske og metodiske grunnlag for språkvitskapleg arbeid
  • omskrive viktige omgrep innan vitskapsteori og framgangsmåter i metoder.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne metodar innan lingvistikken, t.d. feltmetodar og korpusmetodar.
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan praktisk språkforskning.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk og vitskapsteoretisk argumentasjon
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine metodar
  • diskutere felles metodespørsmål.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein bachelorgrad med språkleg spesialisering gjev det mest høvelege startgrunnlaget.

Studiepoengsreduksjon

LINGMET: 10 studiepoeng

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på eit av masterprogramma i framandspråk, nordisk eller lingvistikk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Normalt vil lærarar frå lingvistikk og ulike språkfag vere ansvarlege for undervisninga.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på MittUiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få gå opp til eksamen må studenten ha levert ein obligatorisk oppgåve i løpet av kurset. Individuell litteraturliste må leverast.

Vurderingsformer

Rettleia semesteroppgåve. Omfanget skal vere omlag 3000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A¿F.

Litteraturliste

Litteraturlista kan vere samansett av om lag 2/3 fellespensum og 1/3 individuelt pensum valt i samråd med studenten sitt eige institutt og i tilknyting til det språket studenten studerer. Pensum er omlag 400 sider og omfattar innføringar i språkvitskapleg metode og illustrerande artiklar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon