Metode for språklege mastergrader

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i empirisk metode for lingvistikk og språkstudium, t.d. innsamling, oppbygging og bruk av tekstkorpora. Varierande frå semester til semester kan også andre metodeemne bli tekne opp, til dømes feltmetodar og arbeid med informantar, utarbeiding og bruk av spørjeskjema, og statistiske metodar relevante for handsaming av korpusdata og informantdata. Kurset bidrar også til kunnskapar og ferdigheiter i tekstoppbygging og språkbruk mht. artiklar i lingvistikk og språkstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjengi og diskutere viktige vitskapsteoretiske og metodiske grunnlag for språkvitskapleg arbeid;
  • omskrive viktige omgrep innan vitskapsteori og framgangsmåtar i metodar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne metodar innan lingvistikken, t.d. feltmetodar og korpusmetodar;
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan praktisk språkforskning;
  • strukturere ein tekst med rett sjanger, terminologi, siteringar og argumentasjon.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk og vitskapsteoretisk argumentasjon;
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine metodar;
  • diskutere felles metodespørsmål;
  • bruke ein skrivestil og tekstelement som passar til stiltradisjonane i lingvistikk og språkrelaterte fag

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein bachelorgrad med språkleg spesialisering gjev det mest høvelege startgrunnlaget.
Studiepoengsreduksjon
LINGMET (15 studiepoeng), LING311 (10 studiepoeng), DASP307 (5 studiepoeng)
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på eit av masterprogramma i framandspråk, nordisk eller lingvistikk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Normalt vil lærarar frå lingvistikk og ulike språkfag vere ansvarlege for undervisninga.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere følgjande i løpet av semesteret:

  1. ei obligatorisk oppgåve;
  2. en presentasjon av temaet til semesteroppgåva, som inneheld tittel, motivering av metode og mål og preliminær litteraturliste. Forma på presentasjonen blir beskriven i begynninga av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på ca. 3000 ord, i tillegg til referansar og eventuelle vedlegg med data osb.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista kan vere samansett av delvis fellespensum og delvis individuelt pensum valt i samråd med studenten sitt eige institutt og i tilknyting til det språket studenten studerer. Fellespensum er omlag 400 sider og omfattar innføringar i språkvitskapleg metode og illustrerande artiklar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Emneansvarleg
Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium