Lingvistikk mastergradsoppgåve
- Studiepoeng60
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeLING350
- Talet på semester2
- SpråkNorsk eller Engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
60
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten vel eit lingvistisk emne for vitskapleg granskning. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode, handsaming av stoffet, etikk og presentasjon.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan:
- gjengi og drøfte problemstillingar innan språkvitskap
- knytte desse problemstillingane til teoriar og tidlegare forsking
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa lingvistisk studie under rettleiing
- analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
- uttrykke sine resonnement om språkvariasjon skriftleg i form av ei masteroppgåve
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- analysere språkvitskaplege problemstillingar
- formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre lingvistiske uttrykksformer
- kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
- følge etiske retningslinjer og praktisere ansvarlig datahandtering der det er relevant
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne.
Krav til forkunnskapar
Ikkje relevant
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant
Studiepoengsreduksjon
Ikkje relevant
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av fagmiljøet. Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der fagmiljøet sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen for rettleiing. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Fagmiljøet avgjer kven som skal vere rettleiar for kvar enkelt student.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit relatert arbeid.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og vurdert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Oppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider (ikkje medrekna referansar, vedlegg, datagrunnlag osv.). Oppgåva må bruke terminologi, språkføring, sjanger, argumentasjon, tekstelementar osb. som kan forventast av ein god artikkel i den språkvitskaplege tradisjonen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Det blir lagt opp eit pensum på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen
Eksamensdel: Masteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 21.11.2022, 13:00
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen