Lingvistikk mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studenten vel eit lingvistisk emne for vitskapleg granskning. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode, handsaming av stoffet, etikk og presentasjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • gjengi og drøfte problemstillingar innan språkvitskap
  • knytte desse problemstillingane til teoriar og tidlegare forsking

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa lingvistisk studie under rettleiing
  • analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
  • uttrykke sine resonnement om språkvariasjon skriftleg i form av ei masteroppgåve

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • analysere språkvitskaplege problemstillingar
  • formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre lingvistiske uttrykksformer
  • kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • følge etiske retningslinjer og praktisere ansvarlig datahandtering der det er relevant

Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ikkje relevant
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant
Studiepoengsreduksjon
Ikkje relevant
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av fagmiljøet. Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der fagmiljøet sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen for rettleiing. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Fagmiljøet avgjer kven som skal vere rettleiar for kvar enkelt student.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.

Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit relatert arbeid.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og vurdert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Oppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Oppgåva må bruke terminologi, språkføring, sjanger, argumentasjon, tekstelement osb. som kan forventast av ein god artikkel i den språkvitskaplege tradisjonen.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Det blir lagt opp eit pensum på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium