Introduksjon til formallogikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Logikk er studiet av logiske tilhøve mellom setningar, til dømes at eit sett av setningar er konsistent, eller at ein bestemt konklusjon følgjer frå eit sett av premissar. I formallogikken studerer ein tilhøve mellom setningar som avheng av deira logiske form.

LOG110 skal gi studentane ei innføring i grunnleggande delar av formallogikken. Det blir gitt ei innføring i setningslogikk og førsteordens predikatlogikk, med vekt på omsetting frå naturleg språk til formallogisk språk og på bruk av sanningstabellar (i setningslogikken) og tre-metoden (i både setnings- og predikatlogikk) som bevissystem.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i sentrale omgrep i setningslogikk og førsteordens predikatlogikk.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane meistre omsetting frå naturleg språk til setningslogisk og predikatlogisk språk. Dei skal òg meistre bruk av sanningstabellar i setningslogikken og tre-metoden i setnings- og predikatlogikk.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk eller informasjonsvitskap.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppmøtekrav: Studentar skal delta på minst 75% av seminara
  • Munnleg presentasjon av løysingar på oppgåver på seminar
  • Godkjent øvingsoppgåve 1
  • Godkjent øvingsoppgåve 2
  • Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

    Vurderingsformer

    2 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).

    Eksamen blir arrangert kvart semester.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester

    Vår/Haust

    Eksamen blir arrangert kvart semester.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen.
    Programansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Emneansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.