Hjem
Utdanning
Masteremne

Fordjuping i logopedi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeLOGO321
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål og innhald

Emnet gir ei fordjuping i tre sentrale vanskeområde innan det logopediske fagfeltet: språkvanskar, lese- og skrivevanskar og språklydsvanskar. Studenten skal gjennom emnet skaffe seg det teoretiske grunnlaget og ferdigheitene som skal til for å kartlegge, behandle og gje råd til born og vaksne med desse vanskane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

  • kan studenten gjere greie for sentrale teoriar, årsaker, kartlegging, rådgjeving og behandling av følgjande vanskar:
    • Utviklingsmessige språkvanskar, inkludert pragmatiske vanskar
    • Lese- og skrivevanskar
    • Språklydsvanskar
  • har studenten god kunnskap om:
    • avvikande språk- og taleutvikling hos barn
    • psykogene tilleggsvanskar, og komorbiditet med andre vanskar og sjukdommar, inkludert konsentrasjons- og merksemdsvanskar (ADHD)
    • vanskane over i en fleirspråkleg eller fleirkulturell kontekst
  • har studenten god kjennskap til vurderingskriterier for kliniske testverktøy
  • kjenner studenten til verktøy for grammatisk analyse av barnespråk

Ferdigheiter

  • kan studenten transkribere og analysere avvikande tale og språk
  • kan studenten planlegge kartlegging av utviklingsmessige språkvanskar, lese- og skrivevanskar

og språklydsvanskar med etablerte metodar

  • kan studenten tolke resultata av denne kartlegginga
  • kan studenten gjennomføre passande behandling av desse vanskane og setje i verk andre

naudsynte tiltak

  • kan studenten utforme testrapportar og kartleggingsrapportar
  • kan studenten grunngje og forklare testar og behandlingsopplegg for klientar, pårørande og

andre fagpersonar

  • kjenner studenten til sentrale testar for kartlegging av ulike språk- og talevanskar
  • meistrar studenten sentral fagterminologi

Generell kompetanse

  • kan studenten vurdere ny kunnskap og nye behandlingsmetodar for å halde ved like evidensbasert

praksis

  • kan studenten analysere relevante yrkesetiske problemstillingar
  • kjenner studenten til arbeidsfordelinga mellom logopedar og andre fagpersonar
  • kjenner studenten til lovar og retningsliner for arbeid med språk- og kommunikasjonsvanskar

hos barn.

  • syner studenten gode evner til samarbeid og kommunikasjon med medstudentar og andre

relevante aktørara

Arbeids- og undervisningsformer

  • PBL (om lag 12 timar)
  • Forelesning (om lag 40 timar)
  • Seminar (8 timar)

Studenten må rekne med å lese om lag 900 sider litteratur.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • To skriftlege oppgåver:
    • Transkripsjon av avvikande tale
    • Testrapport
  • Deltaking i og godkjenning av PBL. Fråvær ut over 20 % vil føre til Ikkje bestått obligatorisk aktivitet.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10