Hjem
Studentsider
Masteremne

Fordjuping i logopedi 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeLOGO322
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål og innhald

Emnet gir ei fordjuping i fire sentrale vanskeområde innan det logopediske fagfeltet: nevrogene kommunikasjonsvanskar, svelgevanskar, taleflytvanskar og stemmevanskar. Studenten skal gjennom emnet skaffe seg det teoretiske grunnlaget og ferdigheitene som skal til for å kartlegge, behandle og gje råd til born og vaksne med desse vanskane.

Krav til forkunnskapar

LOGO310 - Innføring i logopedi

Arbeids- og undervisningsformer

  • PBL (om lag 12 timar)
  • Forelesning (om lag 40 timar)
  • Kurs i metodar for stemmebehandling (om lag 15 timar)
  • Kurs i metodar for taleflytbehandling (om lag 15 timar)

Studenten må rekne med å lese litteratur i eit omfang av om lag 800 sider.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i og godkjenning av PBL-arbeidet. Fråvær ut over 20 % vil føre til

ikkje bestått obligatorisk aktivitet.

  • Obligatorisk deltaking i og godkjenning av stemmeøvingar
  • Obligatorisk deltaking i og godkjenning av taleflytøvingar
  • Midtvegssamtale knytt til PBL-arbeidet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Heimeeksamen (5 dagar)

o Studenten skal utforme ein fullstendig klinisk rapport (utredning og tiltak) på

bakgrunn av utdelt grunnlagsinformasjon.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering

og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.