Hjem
Utdanning
Masteremne

Observasjonspraksis

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeLOGO332
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål og innhald

Praksis skal medverke til oppøving av kliniske ferdigheiter, og skal hjelpe til at studenten vert i stand til å integrere teoretisk kunnskap med praktisk, klinisk arbeid. I observasjonspraksis skal studenten gjere seg kjend med logopediske arbeidsmetodar, og knyte band mellom teori og praksis.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

  • har studenten grunnleggande kunnskapar om kartleggingsinstrument og adekvate arbeidsmodellar for klinisk logopedisk arbeid med born og vaksne
  • kjenner studenten til dei relevante tilvisingsinstansane, og prosedyrane for vidare tilvising
  • kjenner studenten til relevante rutiner og metodar i logopedisk yrkesutøving

Ferdigheter

  • kan studenten reflektere over innhaldet i ei tilvising eller ei epikrise
  • kjenner studenten til prosedyrer for gjennomføring av kartleggingsintervju, eventuelt med anamneseopptak
  • kan studenten reflektere over resultat frå testing og kartlegging
  • kan studenten tilpasse språk og kommunikasjon på ein formålstenlig måte til ulike personar, grupper og situasjonar

Generell kompetanse

  • kan studenten reflektere over logopeden si rolle i ein klinisk situasjon
  • kan studenten drøfte påverknaden ulike miljøfaktorar kan ha på gjennomføring av tiltak
  • viser studenten forståing for logopeden si rolle i tverrfaglege grupper ved helse-, omsorgs eller utdanningsinstitusjonar
  • kan studenten reflektere over relevante yrkesetiske problemstillingar
  • tek studenten omsyn til og viser respekt for integriteten til den enkelte brukar.
  • samarbeider studenten konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar
  • kan studenten reflektere over prinsippa for evidensbasert praksis
  • syner studenten forståing for tydinga sosiale og kulturelle faktorar kan ha for eit logopedisk behandlingsløp
  • syner studenten evne til å tilpasse seg reglar, rutinar og kultur på ulike arbeidsplassar.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane vert delte i mindre grupper der dei får ei innføring i kasusmateriale og arbeidsprosedyrar innanfor den logopediske yrkesutøvinga. Gruppene får rettleiing av éin eller fleire erfarne logopedar. Omfanget av påhøyrspraksis er på om lag 20 timar på ulike arbeidsstader for logopedar, til saman om lag 100 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til praksis. Fråvær ut over 20%vil føre til ikkje bestått obligatorisk aktivitet.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Vurderingsmappe:

  • Kasusskildringar og refleksjonsnotat frå kvar praksisstad (til saman 8-10 sider)

Dersom praksisrettleiar finn at ein student står i fare for ikkje å bestå praksis, må ein så tidleg som

mogeleg ta kontakt med UiB ved praksiskoordinator og studenten om dette. Melding om mogeleg

vurdering av praksis som ikkje bestått, skal fyllast ut av praksisrettleiar og emneansvarleg frå UiB.

På skjemaet vert det notert kva studenten må forbetra seg på. Skjemaet vert sendt til

praksiskoordinator snarast. Studenten skal vere kjend med innhaldet i skjemaet.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og

UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10