Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innovasjon for Renovasjon og Gjenvinning

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst 

Undervisningsstad

Nettbasert

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje deltakarane ferdigheiter og verktøy for å kartlegge samansette utfordringar, lære om korleis ein kan vere kreative og å arbeide saman med å løyse utfordringar i tverrfaglege team. Vidare vil deltakarane få dei nødvendige ferdigheitene som skal til for å realisere den valte løysninga på ei identifisert utfordring eller ei moglegheit, i form av prosjektarbeid. Samla vil dette gje deltakarane relevant kompetanse som kan brukast i nyskapingsprosessar i arbeidslivet.

Kurset anvender teoriar og forsking frå ulike felt innan psykologi, organisasjon og leiing og kombinerer spesifikt metodar frå tre forskjellige kunnskapsområder: systemtenking, kreativ problemløysing og prosjektleiing. Ved å kombinere metodar frå desse felta, representerer kurset ei ny og tverrfagleg tilnærming for å fremme kreativ problemløysing og kunnskapsutvikling som ein ikkje har i eksisterande kurs. Kursdeltakarane vil jobbe med utfordringsdrivne innovasjonar knytt til renovasjon, i team som består av kursdeltakarar med variert disiplinær bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om empiriske funn og teoriar knytte til:
- Drøfte sentrale modellar og prinsipp i tre ulike teoretiske felt: systemtenking, kreativitet og prosjektleiing
- Identifisere passande metodar innan systemdynamikk, kreativitetsforsking og prosjektleiing for å løyse ulike typer problemstillingar knytt til renovasjon, og drøfte fordelar og ulemper i desse
- Gjere greie for samanhengen mellom dei tre felta: systemtenking, kreativitet og prosjektleiing knytt til renovasjon
- Identifisere psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid for å lukkast med nyskapingsprosessar i slike grupper


Ferdigheiter

Studenten kan
- Kombinere ulike verktøy og metodar innan felta systemdynamikk, kreativitet og prosjektleiing
- Systematisere og implementere idear og innovative løysingar i renovasjon
- Bruka det han/ho har lært til å setja opp og fasilitera nyskapingsprosessar i renovasjon gjennom systemtenking, kreativitet og prosjektleiing
- Tilpasse ulike psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid og kunne anvende desse for å lukkast med dei kreative nyskapingsprosessane knytt til renovasjon


Generell kompetanse

Studenten kan ..
- Kunne kritisk reflektere over og løyse problem knytt til tverrfagleg samarbeid
- Skjøna korleis kartlegging av problem og årsakssamanhengar skaper eit grunnlag for den kreative utforskinga og nyskapingsprosessar
- Skjøna korleis idear og potensielle løysingar kan systematiserast og implementerast
- Kommunisere og fungere som ein konstruktiv medlem i ei tverrfagleg gruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen særskilte forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for deltakarar assosierte med BIR

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har tre ulike modular og går over åtte veker. Undervisninga er organisert som nettbaserte førelesingar, individuelt arbeid og arbeid i grupper samt oppgåver som skal løysast i eit dataspel. Kvar modul varer i tre veker og i denne perioden vil deltakarane arbeide med oppgåver og aktivitetar knytt til den enkelte modulen både individuelt og i grupper på nett. Kvar gruppe vil bestå av minimum tre og maksimum sju deltakarar. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Før deltakarane kan starte neste modul, skal dei ha fullført alle komponentane i førrige modul. I modulane på kreativitet og prosjektleiing vil der vere eit dataspel for å støtte deltakarane si læring. Siste oppgåve vil vere eit gruppearbeid der deltakarane skal bruke det dei har lært i dei tre modulane og lage ei kort prosjektskisse. Deltakarane skal til slutt presentere prosjektet på ein nettbasert læringsfestival i slutten av kurset. Dei skal også skrive eit individuelt refleksjonsnotat om læringsprosessen. (ca. 1500 ord).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Eksamen består av ein presentasjon av prosjektskissa på den digitale læringsfestivalen og innlevering av eit individuelt refleksjonsnotat der deltakarane skal reflektere kritisk over læringsprosessen. Prosjektpresentasjonen og refleksjonsnotatet skal vurderast av kurset sitt tverrfaglege kompetanseteam samansett av ekspertar på områda systemtenking, kreativitet og prosjektleiing.
Presentasjon av prosjekt og innlevering av refleksjonsnotat vektes 50/50.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

høst

Litteraturliste

Liste med anbefalt litteratur utgjer kring 1000 sider frå bøker, rapportar og artiklar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)

Administrativt ansvarleg

The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)

Kontakt

The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)

evu.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    12.11.2021
    • Eksamensdel: Presentasjon av prosjektskissa

      Dato
      26.11.2021, 17:00
      Andre opplysninger
      Tid for eksamensgjennomføring vil bli publisert på Mitt UiB
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Refleksjonsnotat

      Innleveringsfrist
      26.11.2021, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Modul 1