Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i anvend og utrekningsorientert matematikk

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Omtale av spesialiseringane:

  • Anvend analyse er retta mot utvikling av analytiske og konstruktive metodar for løysing av differensial- og integrallikningar frå ulike bruksområde. Tilrådde forkunnskapar: MAT211, MAT213, MAT230. Sentrale emne: MAT232, MAT234.
  • Bildebehandling rettar seg mot utvikling og analyse av numeriske metodar for handsaming av bilde frå medisinsk forsking, datateknologi og andre større simuleringsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT213, MAT261. Sentrale emne: MAT234, MAT262, INF270.
  • Fluidmekanikk og havmodellering rettar seg mot analytiske og numeriske studium av bølgjer og strøymingar på industriell og geofysisk skala. Bakgrunn i fysisk oseanografi er nyttig for dei som vil studere havstraumar. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT252. Sentrale fag: MAT234, MAT253.
  • Inverse problem involverar typisk estimering av storleikar basert på indirekte målingar. Døme er dynamisk reservoar karakterisering og monitorering. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT230. Sentrale fag: MAT234, MAT254, MAT265.
  • Mekanikk og dynamiske system rettar seg mot modellering av fysiske og biologiske system med vekt på samanhengar mellom prosessar på det mikroskopiske og det makroskopiske nivå. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT251. Sentrale fag: MAT251, MAT256.
  • Miljømatematikk rettar seg mot problem knytt til inngrep i og forvaltning av miljøet. Modellering og differensiallikningar er sentrale emne. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT234, MAT253, MAT254.
  • Numerisk matematikk ser på utvikling og drøfting av numeriske metodar som vert brukt i utrekningsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT236, MAT261, MAT360.
  • Reknevitskap bruker utrekningar til å søke innsikt i kompliserte fenomen som vanskeleg kan finnast bare ved teoretiske vurderingar og laboratorieeksperiment. Modellering, simulering og visualisering vert brukt i problemløysinga. Tilrådde forkunnskapar: MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT261, MAT360.
  • Reservoarmatematikk rettar seg mot analytiske og numeriske studiar av strøyming i oljereservoar. Dette er oppgåver som ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT234, MAT254.
  • Skoleretta matematikk kan vere innafor ei av spesialiseringane over. Kursdelen er på 60 sp matematikkemne og 30 sp pedagogikk - og fagdidaktikkemne. Masteroppgåva er på 30 sp, som skal gjennomførast siste semester. I tillegg må studenten fylle opptakskrava ved UiB til praktisk-pedagogisk utdanning, sjå http://link.uib.no/?493d9. Med eit halvt års praktisk-pedagogisk tilleggsutdanning vil ein vere formelt kvalifisert som realfagslærer i skolen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Etter at masteroppgåva er levert og godkjend, vert studiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på rundt 30 minutt der studenten sjølv gjev ein oversikt over oppgåva. Sensor og rettleiar skal vere til stades ved den offentlege presentasjonen. Deretter følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale med sensor og rettleiar om oppgåva.

Før presentasjonen skal det vere sett ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen/samtalen vere justerande på den endelige karakteren på oppgåva. Det er den endelige karakteren som vert gjort kjend for kandidaten og som kjem fram på karakterutskrifta.

Fristar: Oppgåver på 60 sp leverast seinast éin månad før slutten av det 4. semesteret. Korte oppgåver på 30 sp får ein tidsfrist og skal gjennomførast i løpet av eitt semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon