Hjem
Utdanning
Masteremne

Tiltak i barnevernet, implementering og evaluering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMABARN312
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane auka kunnskap om og refleksjon rundt barnevernet sine tiltak med hovudfokus på evaluering og implementering. Ulike metodar for å vurdere kvaliteten av tiltak vil bli gjennomgått med relevans for ulike praksisfelt i barnevernet. Vidare skal emnet gje studentane kunnskap om å planleggje og å gjennomføre evaluering av tiltak i dette nedslagsfeltet. Forståing for og kunnskapar om tema som kartleggingsverktøy, implementeringsdrivarar og tverrfagleg samarbeid er sentralt. Evalueringsstudiar med relevans for barnevernsfeltet vil bli brukt i undervisninga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Studenten¿

  • har inngåande kunnskap om sentrale omgrep, samt metodar innan evaluerings- og implementeringsforsking
  • har utdjupande kunnskap om samanhengen mellom målgruppe, føremål, tiltak og resultat av igangsetjing av barnevernstiltak
  • har inngåande kunnskap om sentrale implementerings- og evalueringsstudiar med relevans for barnevernsfeltet
  • har god kunnskap om faktorar som hemmar og fremjar tverrfagleg samarbeid

 

Ferdigheiter:

Studenten¿

  • kan bruke og vurdere kartleggingsverktøy knytt til barnevernet sitt tiltaksarbeid
  • kan bruke kunnskapsdatabasar og kunnskapsstatusar som er relevante for barnevernet sitt tiltaksarbeid
  • kan planleggje og gjennomføre systematiske evalueringar av tiltak i barnevernet
  • kan tolke resultat og vurdere validitet i konklusjonar frå studiar med evalueringsdesign, med særleg vekt på effektstudiar

Generell kompetanse:

Studenten¿

  • kan kritisk reflektere over samanhengen mellom teori og forsking i iverksetjing av tiltak
  • kan reflektere over internasjonal spreiing av intervensjonar og tilpassingar til einskilde målgrupper med fokus på etniske minoritetsgrupper
  • kan bruke evalueringsresultat i utviklinga av eigen praksis
  • kan kritisk reflektere over implementering og kva denne har å seie for å oppnå effektar av tiltak
  • kan reflektere over kva systematisk evaluering for kvalitetssikring i barnevernet har å seie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For studenter som er tatt opp ved masterprogrammet i barnevern

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer på tre samlingar à to dagar. Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning. Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt i grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg og munnleg presentasjon av eit gruppebasert arbeid knytt til besøk i praksisfeltet. Gruppebasert rettleiing vert gjeve.

Deltaking i gruppebasert oppgåve er obligatorisk og det er 80% obligatorisk frammøte på seminara.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 5 dagar.

Talet på ord: 3000 (litteraturliste ikkje inkl.).

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukes karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Vår

Det er tilbod om eksamen i påfølgjande, undervisingsfrie semester. Studenten må ha greidd alle obligatoriske arbeidskrav i undervisingssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret. Kjernelitteraturen for emnet utgjer ca. 1000 sider. Lista inneheld både norsk og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentene skal evaluere undervisningen i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret: studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10 (hverdager 09.30-14.30)

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    09.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    13.09.2019, 12:00
    Trekkfrist
    26.08.2019
    Andre opplysninger
    NB - trekkfrist 26.august
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen