Hjem
Utdanning
Masteremne

Omsorgsutøving, barn si utvikling og avgjersler i barnevernet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane utdjupande kunnskap om forsking og teori knytt til omsorgsutøving og barn si utvikling.. Vidare har emnet eit særleg fokus på undersøkingar og avgjerder i barnevernet. Emnet skal også gje studentane gode ferdigheiter i oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten¿

  • har god innsikt i kjelder til kunnskapsbasert praksis i barnevernet
  • har inngåande kunnskap om sosialøkologiske perspektiv og kva dei har å seie for foreldreskap, helse og utvikling til barn
  • har god innsikt i teori og forsking om barn med særleg vekt på risiko, beskyttande faktorar
  • har omfattande kunnskap om teori og forsking knytt til omsorgsutøving, modellar for omsorgsvurderingar, undersøkingar og avgjerder i barnevernet
  • har utdjupande kunnskap om barn og familiar sine samansette vanskar og kva innsats på fleire arenaar (t.d. innan helse-, barnehage- og skulesektoren) har å seie
  • har god kunnskap om universitetet sine retningslinjer for akademisk reieleg arbeid.

 

Ferdigheiter:

Studenten¿

  • kan analysere barn og foreldre sine risikofaktorar og ressursar i eit sosialøkologisk perspektiv
  • kan analysere og kritisk reflektere over retningslinjer, prinsipp og ulike metodar for barnevernet sitt undersøkings- og avgjerdsarbeid
  • kan skrive akademiske oppgåver om barnevernfaglege tema og sitere kjelder på ein korrekt og etisk måte

Generell kompetanse:

Studenten¿

kan reflektere kritisk over dei dilemma som kan oppstå som følgje av barnevernet sitt samansette mandat og verdigrunnlag og kva dette kan ha å seie for utforming av ein profesjonell rolle, for avgjerdsevne og handlingskompetanse

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er samlingsbasert, og er en kombinasjon av førelesningar, seminara og gruppearbeid på om lag 26 timar. Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet og det er venta at studenten set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt med skriftlege oppgåver i denne perioden. Det vil legges opp til prosessorientert skriving med kommentering av medstudent/veileder under emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 80 % frammøteplikt på seminara.

To øvingsoppgåver knytte til læringsmålet for emnet. Talet på ord: 1750 (litteraturliste ikkje inkl.) 600 ord på annoteringsoppgåva.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 5 dagar.
Talet på ord: 3000 (+/- 10%, litteraturliste ikkje inkl.).

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukast karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Kjernelitteraturen på kurset utgjer ca. 1000 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Norsk og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    16.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    20.09.2019, 12:00
    Trekkfrist
    02.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen