Hjem
Utdanning
Masteremne

Barnet som aktør

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet er todelt og skal:

  • Gje god kunnskap om menneskerettar, med eit særleg fokus på Barnekonvensjonen og rettane til barn. Det blir særleg fokusert på kva barn sin noverande rettslege posisjon har å seie for det offentlege sitt ansvar, og barneverntenesta sitt ansvar for utsette barn spesielt.
  • Gje god kunnskap om og forståing for kunnskapsbaserte modellar og metodar for samtalar med barn og unge i barnevernet. Emnet har vidare fokus på samtalemetodisk utvikling gjennom øvingar og analyse av barnesamtalar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • kan identifisere og analysere viktige problemstillingar knytte til verkeleggjering av barn sine rettar i ein barnevernrelevant samanheng
  • kan planleggje ein barnesamtale samt ha god kunnskap omhøvelege metodiske ferdigheiter i samtalar med barn eller unge
  • kan identifisere, kommunisere, samt kritisk reflektere rundt utviklingspsykologiske, etiske og metodiske dilemma knytte til planlegging og gjennomføring av samtalar med barn og unge i barnevernet
  • kan bruke og søkje i ressursane til universitetsbiblioteket, og kritisk vurdere vitskapleg litteratur innan fagområdet til barnevernet

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan identifisere og analysere viktige problemstillingar knytte til verkeleggjering av barn sine rettar i ein barnevernrelevant samanheng
  • kan planleggje ein barnesamtale samt bruke og tilpasse bruk av høvelege metodiske ferdigheiter i samtalar med barn eller unge
  • kan identifisere, kommunisere, samt kritisk reflektere rundt utviklingspsykologiske, etiske og metodiske dilemma knytte til planlegging og gjennomføring av samtalar med barn og unge i barnevernet
  • kan bruke og søkje i ressursane til universitetsbiblioteket, og kritisk vurdere vitskapleg litteratur innan fagområdet til barnevernet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan kommunisere kva barn sin nye rettslege posisjon har å seie for det offentlege sitt ansvar for utsette barn samt føringar dette gjev for barnevernet sitt arbeid
  • kan vurdere og kritisk diskutere kva eit rettsperspektiv har å seie for barnet sin posisjon og høveleg hjelp i ein barnevernrelevant samanheng
  • kan kommunisere kor viktig det er å snakke med barn på ulike nivå i ei barnevernssak
  • kan gje barnesamtalen eit innhald som er tilpassa barnevernssaka sin karakter og kvart einskild barn sine føresetnader og behov

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil skje på tre samlingar á to dagar. Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning. Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt med oppgåver knytte til temaet for emnet. IKT-basert læringsstøtte.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppebasert framlegg på eit seminar

Det er 80% frammøteplikt på seminara

Vurderingsformer

Ei skriftleg emneoppgåve knytt til læringsutbyttet for emnet.

Talet på ord: 3000 ord (litteraturliste ikkje inkl.).

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukar ein karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Kjernelitteraturen for kurset utgjer ca. 800 s.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Norsk og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Emneoppgåve

    Innleveringsfrist
    06.11.2019, 12:00
    Trekkfrist
    23.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen