Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i barnevern

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMABARN351
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Fellesseminar vil bli arrangert på UiB. 

Mål og innhald

Hovudhensikta med mastergradsoppgåva er å kvalifisere til vitskapelege arbeidsformer. Studenten skal få erfaring med å nytte sentrale forskingsprinsipp og til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Mastergradsoppgåva skal demonstrere at studenten evnar å gi ein sjølvstendig, nyansert, klar og presis framstilling av eit barnevernfagleg relevant tema. Avhengig av problemstillinga kan kvantitativ eller kvalitativ metode nyttas.

Oppgåva kan a) skrivast som monografi og ha et omfang på 70 til 90 sider, i tillegg til referanseliste og eventuelle vedlegg eller b) etter avtale med veileder som ein vitenskapelig artikkel med ein 15-18 siders  kappe i tillegg til referanseliste og eventuelle vedlegg. Artikkelen skal utformers i samsvar med retningslinjene til eit valgt tidskrift.   Det er mogleg for to studentar å skrive oppgåva saman, omfanget på ein monografi skal då være 90 til 110 sider. Dersom to studentar skriv artikkel saman skal kappa være på 30-35 sidar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har inngåande kunnskap om krav til form og innhald i ei samfunnsvitskapleg akademisk oppgåve
  • har inngåande kunnskap om sentrale omgrep, teori og forsking relatert til tema for masteroppgåva
  • har inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • har inngåande kunnskap om metodisk framgangsmåte for innhenting og analyse av data
  • har inngåande kunnskap om presentasjon og diskusjon av forskingsresultat
  • har inngåande kunnskap om kvalitet i forsking

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan formulere eit forskingsspørsmål med relevans for barnevernet sitt fagfelt og kunne plassere denne i ei teoretisk og forskingsmessig ramme
  • kan beskrive val av forskingsdesign og diskutere sterke og svake sider i høve til problemstillinga
  • kan gjere greie for undersøkinga si validitet/truverde, reliabilitet/kor påliteleg den vert vurdert til å vera og i kva grad den er generaliserbar/kor overførbare funna vert vurdert til å vera
  • kan systematisere, analysere, og presentere data på ein nøyaktig og oversiktleg måte
  • kan diskutere eigne resultat i høve til relevant teori og forskingslitteratur
  • kan diskutere implikasjonar av eigne funn for forsking og/eller praksis i barnevernet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan søkje etter/finne, vurdere og presentere forsking av relevans for barnevernet
  • kan bruke og gjere greie for forskingsetiske prinsipp
  • kan presentere litteratur- og sitattilvisingar på ein etisk korrekt, konsekvent og oversiktleg måte

Krav til forkunnskapar

Emna MABARN314, MABARN315, HABA301/GLODE302, MABARN312, HABA302/GLODE303 eller GLODE304, og valfritt emne skal vere gjennomførte og bestått før MABARN351 kan byrjast på.

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap om og oppnådd læringsutbytte i forskingsmetode og etikk, akademisk skriving og korrekt siteringspraksis. Det er og ein fordel å ha erfaring med bruk av Bibliotekets databasar for vitskapeleg litteratur, samt Endnote til referansehandtering.

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva skal være et sjølvstendig arbeid under fagleg rettleiing. Det skal skrivast rettleiingskontrakt mellom student og rettleiar samt instituttleiar. Rettleiingskontrakta spesifiserer studenten og rettleiaren sitt ansvar og sine rettar. Studenten har rett på totalt 40 timar med rettleiing, dersom to studenter skriv oppgåva saman har dei rett på 50 timar. Rettleinga vil hovudsaklejg bli gitt i gruppe men kan og bli gitt individuelt. Det er forventa at studentane leverer tekstutkast og les og gjer tilbakemelding til medstudentar. Det vil og bli arrangert eit eller to felles seminar kvart semester. Tema for seminara vil være knytt til arbeidet med masteroppgåva.

Det er forventa at studenten nyttar ressursar i akademisk skriving som til dømes sokogskriv.no i arbeidet med masteroppgåva. Fagkontakten for barnevern på biblioteket er behjelpeleg med rettleing i søk etter litteratur til oppgåva, korrekt referering og bruk av Endnote.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på eit fellesseminar haust og eit vår.

Vurderingsformer

Den ferdige masteroppgåva skal leggjast fram for rettleiar før innlevering. Masteroppgåva skal vurderast som eit forskingsarbeid.

Masteroppgåva blir vurdert av ein kommisjon med to medlemer. Kommisjonen skal bestå av ein intern sensor samt ein ekstern sensor, som ikkje er tilknytt masterprogrammet/UiB. Minst eitt medlem av kommisjonen skal ha førstestillingskompetanse. Rettleiaren til kandidaten skal ikkje vere medlem av kommisjonen.

Hjelpemiddel til eksamen

ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukes karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Sjølvstendig litteraturval knytt til tema for oppgåva. Studentane vil få tilgang til program for analyse av datamateriale, t.d. SPSS og NVivo samt program for handtering av referanser t.d. Endnote. 

For generelle råd om akademisk skriving anbefales SØK&SKRIV  

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Emneansvarleg

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon