Introduksjon til manusutvikling for seriar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei detaljert innføring i dei sentrale komponentane i manushandverket gjennom undervisning om, og analysar av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript. Desse innsiktene og ferdigheitene skal så omsetjast i, og videreutviklast gjennom, eiga skriving.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av følgande element:

Konseptet, kjernen og drivkrafta i forteljinga:

Studenten utviklar si evne til å finne og spisse ideen til ein serie, og lærer om tematikk og undertekst.

Dramatisk struktur:

Studenten lærer om ulike konvensjonar tilhøyrande forskjellige sjangrar og format. Innsikter om skilnader i dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar innan ulike serieformat står sentralt, og særleg skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm. Studenten skal òg lære om korleis ein praktisk strukturerer manusarbeidet i ulike typar serieproduksjonar. Hovudvekta ligg på fiksjon, men dokumentariske seriar blir også tematiserte.

Eksposisjon:

Studenten lærer om ulike strategiar ('show' vs. 'Tell', bruk av voiceover og liknande) for å bake inn i forteljinga den informasjonen publikum treng for å forstå historia (kven/kva/kvar/når/kvifor og korleis).

Scena:

Studenten lærer å utforme dei enkelte scenene i eit manus.

Karakterutvikling:

Studenten lærer om å forme karakterar, deira psykologiske utrustning og motivasjon i ulike format, sjangrar og samanhengar.

Sjølv om undervisinga er strukturert rundt ulike tema, vil dei i praksis i stor grad gripe inn i kvarandre, og peike fram mot tema som blir behandla meir inngåande andre semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap og ferdigheiter

Studenten

  • har kunnskap om og ferdigheiter i å utvikle og spisse ideen til eit seriekonsept
  • har kunnskap om dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar for ulike typar serieformat
  • har kunnskap om skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm, som kviler på analytisk og handverksmessig  forståing av dei ulike produksjonane sine estetiske moglegheiter og avgrensingar
  • har kunnskap om og ferdigheiter innan skriving av enkeltscener
  • har kunnskap om og ferdigheiter innan skriving av eksposisjon
  • har kunnskap om og ferdigheiter innan karakterteikning og karakterutvikling. Studenten veit til dømes skilnaden på flate og runde karakterar, og på plottdrivne og karakterdrivne forteljingar. Studenten kan vidare relatere omgrepa til eigen praksis og reflektere kritisk rundt funksjonen av ulike strategiar og konvensjonar for karakterteikning og karakterutvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar knytte til manusutvikling
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar uttrykksformene innan fagområdet
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling og sentrale komponentar i manushandverket
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Masterprogram i manusutvikling for seriar
Arbeids- og undervisningsformer
Workshop/seminar/førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal gjennomføre 3-5 obligatoriske manusøvingar i emnet. Antal, innhald og omfang vert spesifisert av faglærar ved semesterstart. Ei av skriveøvingane vil kunne realiserast av førsteårsstudentane ved BA-programmet i TV-produksjon.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:

  • Prosjektskisse innehaldande:

    • Forside
    • Logline
    • Pitch
    • Karakterskisser
    • Samandrag for serien (outline/synopsis)
  • refleksjonsnotat om arbeidet (2500 ord, pluss/minus 10%)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.