Hjem
Studentsider
Masteremne

Fordjuping i manusutvikling for seriar

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMAN302
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi fordjuping i sentrale delar av manushandverket.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet er delt inn i tre modular.

Modul 1: Pitching

Studentane skal pitche eit prosjekt for medstudentar, faglærarar og representantar frå bransjen.

Modul 2: Element i manusutvikling

Undervisinga i denne modulen er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg tilsette og høgt kvalifiserte gjestelærerar, og er strukturert rundt følgjande tema:

a) Sjanger, stil, tone, stemning

Denne komponenten lærer studentane om viktigheita av å kjenne sjangerkonvensjonar, og om estetiske og dramaturgiske konvensjonar for realisme og autentisitet

b) Dialog

I denne komponenten lærer studentane om dialogens konvensjonar og funksjonar i ulike sjangrar og medium. Dei lærer om kva som skil dialogen i tv-fiksjon frå kvardagsspråket, og skal omsetja kunnskapen i praksis gjennom skriveøvingar

c) Adaptasjon

Denne komponenten lærer studentane akademiske perspektiv på, og handverksmessige prinsipp for, bearbeiding av manus frå bok til skjerm

d) Bransjekunnskap

Aktørar frå bransjen (kanalar, produksjonsselskap, fagforeiningar o.l.) gir verdifull innsikt i korleis relevante delar av tv-industrien fungerer

e) Skriverom/forfattarteam (II)

Studentane skal gjennomføre ei skriveøving i grupper for å få utvida røynsle med korleis det er å vere del av eit såkalla 'skriverom'.

I denne modulen skal studentane levere tre skriveøvingar knytte til adaptasjon, dialog og samskriving

Modul 3: Pilot

I løpet av emnet skal studentane skriva ein pilot til ein tv-serie (drama, komedie eller dokumentar). Dei skal også pitche piloten for faglærar/bransje

I dette kurset kan det bli lagt opp til samarbeidsseminar med studentar frå dei to andre praktiske masterprogramma ved MCB.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har avansert kunnskap om sjangerkonvensjonar, og evna til å aktivisere og reflektere rundt desse i eige arbeid.
  • har inngåande kunnskap om korleis tv-industrien fungerer, noko som er relevant i yrkessamanheng. Studentane skal vite korleis kanalar og produksjonsselskap arbeider, tenkjer og prioriterer, og ha kunnskap om kontraktar og rettar.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har god kunnskap om akademiske perspektiv på, og handverksmessige prinsipp for, adaptasjon av litterære kjelder. Studenten kan bearbeide ein litterær tekst til ein novellefilm. Målet er å bevisstgjere studenten om dei ulike media sine eigenskapar, moglegheiter og avgrensingar.
  • har avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, skriving av dialog.
  • har lært å skrive i team og har kunnskap om arbeidsorganiseringa sine kreative funksjonar. Studenten kan omsetje desse innsiktene i praksis i ei gruppebasert skriveøving.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt, og sjå manusutvikling i samanheng med andre fagområde og forhold innan tv-produksjon.
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar knytte til manusutvikling.
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og meistre uttrykksformer innan fagområdet.
  • kan samarbeide om manusutvikling.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta.
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling.

Krav til forkunnskapar

MAN301

Krav til studierett

Masterprogram i manusutvikling for seriar

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre skriveøvingar:

  • Adaptasjon
  • Dialog
  • Skriverom/samskriving

Studenten skal vurdere manus frå medstudentane på tre trinn i prosessen.

Pitching av pilot

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Gyldige obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ei innlevering beståande av to delar:

  • Manus til pilot til tv-serie (drama, komedie eller dokumentar), samt ein 1 sides pitch, kort synopsis for serien (ca 5 sider) og karakterskisser for dei viktigaste karakterane.
  • Refleksjonsnotat om arbeidet (4500 ord, pluss/minus 10%).

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt