Fordjuping i manusutvikling for seriar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi fordjuping i sentrale delar av manushandverket.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av følgjande element:

Manusfaglege element:

a) Dialog

I denne komponenten lærer studentane om dialogens konvensjonar og funksjonar i ulike sjangrar og medium. Dei lærer om kva som skil dialogen i tv-fiksjon frå kvardagsspråket, og skal omsetja kunnskapen i praksis gjennom skriveøvingar

b) Bransjekunnskap

Aktørar frå bransjen (kanalar, produksjonsselskap o.l.) gir verdifull innsikt i korleis relevante delar av tv-industrien fungerer

c) Pitching

Studentane skal pitche eit prosjekt for medstudentar, faglærarar og representantar frå bransjen.

Skriverom/forfattarteam:

Studentane skal gjennomføre ei samskrivingsoppgåve for å få røynsle med korleis det er å vere del av eit såkalla 'skriverom'. Denne innleveringa munnar ut i manus som BA-studentane i TV-produksjon kan realisere som sine eksamensfilmar.

Pilot:

I løpet av emnet skal studentane skriva ein pilot til ein tv-serie.

I dette kurset kan det bli lagt opp til samarbeidsseminar med studentar frå dei to andre praktiske masterprogramma ved MCB.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har avansert kunnskap om sentrale manusfaglege element, inkludert pitching.
  • har inngåande kunnskap om korleis tv-industrien fungerer, noko som er relevant i yrkessamanheng. Studentane skal vite korleis kanalar og produksjonsselskap arbeider, tenkjer og prioriterer.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, skriving av dialog.
  • har lært å skrive i team og har kunnskap om arbeidsorganiseringa sine kreative funksjonar. Studenten kan omsetje desse innsiktene i praksis i ei gruppebasert skriveøving.
  • kan pitche eigne prosjekt i henhold til bransjens praksisar og standardar.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt, og sjå manusutvikling i samanheng med andre fagområde og forhold innan tv-produksjon.
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar knytte til manusutvikling.
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og meistre uttrykksformer innan fagområdet.
  • kan samarbeide om manusutvikling.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta.
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling.

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Masterprogram i manusutvikling for seriar
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar og workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Samskrivingsøving

Pitching av pilot

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Gyldige obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ei innlevering beståande av to delar:

  • Manus til pilot til tv-serie og kort prosjektskisse.
  • Refleksjonsnotat om arbeidet (4500 ord, pluss/minus 10%).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.