Hjem
Utdanning
Masteremne

Utplassering og masteroppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust, vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjere studenten i stand til å utvikle manus på profesjonelt nivå. Det skjer dels gjennom utplassering i yrkesrelevant arbeidsmiljø, der målet er at studenten skal få verdifull røynsle med serieproduksjon gjennom førstehands observasjon, samt få høve til å knyte kontaktar i bransjen. Å observere profesjonelle tv-forfattarar i aksjon kan vere den mest effektive måten å tileigne seg relevant kompetanse på.

Dels skjer det gjennom arbeidet med den avsluttande masteroppgåva, som nettopp skal vere eit sjølvstendig manusarbeid på bransjenivå som studenten skriv under rettleiing.

Emnet har to komponentar:

  1. Utplassering, lagt til haustsemesteret. Studenten skal utplasserast i ei bedrift som arbeider med eit seriekonsept (fiksjon eller dokumentar). Bedrifta kan vere lokalisert utanfor Bergen og Noreg.
  2. Masteroppgåve

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har tileigna seg spesialisert kunnskap om, og ferdigheiter innan, serieutvikling gjennom observasjon under utplassering i relevant mediebedrift som arbeider med serieproduksjon
  • har spisskompetanse innan manusutvikling. I arbeidet med å utforme masterprosjektet skal studenten aktivisere den praktiske og teoretiske kunnskapen han/ho har tileigna seg så langt i studieløpet

Ferdigheiter:

Studenten

  • skal kunne skrive ein dokumentarserie eller fiksjonsserie på profesjonelt nivå
  • skal kunne reflektere kritisk og analytisk kring eigen praksis
  • skal kunne pitche prosjekt på profesjonelt nivå for bransjen

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt, og sjå manusutvikling i samanheng med andre fagområde og forhold innan tv-produksjon
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar knytte til manusutvikling
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og meistrar uttrykksformene på fagområdet
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling
  • kan reflektere kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar

Krav til forkunnskapar

MAN301 og MAN302

Krav til studierett

Masterprogram i manusutvikling for seriar

Arbeids- og undervisningsformer

  • Utplassering
  • Workshop

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på utplassering
  • Rapport frå utplassering

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan levera inn masteroppgåva

Vurderingsformer

Masteroppgåve.

Studenten kan velje mellom to oppgåver:

1) Manus til dokumentarserie for tv eller web på minimum fire episodar.

2) Manus til tv-serie (drama eller komedie). Innleveringa av dette alternativet skal innehalde:

  • Ferdig manus til dei to første episodane
  • Pitch/forside med informasjon om målgruppe, sjanger, lengde, format og tagline
  • Synopsis på 2-5 sider
  • Serie-outline til heile serien (10-20 sider)
  • Karakterskisser
  • Kortfatta tekst om tematikk («kvifor denne serien»)
  • Visuell profil/moodboard

Uavhengig av kva oppgåve studenten skriv, skal det også leverast ein refleksjonsrapport på 5000 ord (pluss/minus 10%). Det vert gjort ei heilskapleg vurdering av refleksjonsrapport og masteroppgåve. Ved karaktersetjing vert masteroppgåva tillagt mest vekt.

Masteroppgåva kan vere gruppebasert. Omfanget av masteroppgåva vil då vurderast i samråd med faglærar.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust, vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon