Hjem
Utdanning
Masteremne

Smertefysiologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT301A
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (fyrste semester)

Mål og innhald

Overordna mål:

Emnet gir ein grundig innføring i mekanismane som ligg til grunn for smerte og korleis både akutte og kroniske smerter kan handterast.

Innhald:

Faget består av ein serie med førelesningar og gruppearbeid om det fysiologiske grunnlaget for smerte og korleis smerte kan moduleras (dempast eller sensitiviserast). Det blir også lagt vekt på kva konsekvensar forståing av smertefysiologi / patofysiologi har for det kliniske arbeidet og den enkeltes oppleving av smerte. Ulike målemetodar for smerte vert og gjennomgått.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten skal kunne definere, gjere greie for og diskutera

  • nociseptorars funksjon og tilhøyrande leiingsbanar
  • smerte frå muskulatur
  • smertemoduleringsmekanismar: Perifere og sentralnervøse mekanismar for smertehemming og sensitivisering
  • basale transmittersubstansar og reseptorar
  • oppleving av smerte, høve til påverking
  • autonome reaksjonar, endringar i funksjon og struktur i nervesystemet på grunn av akutt til langvarig smerte
  • smertehemmande system relatert til terapeutiske tiltak
  • kategorisering av smertemekanismar relatert til ulike patologiske tilstander, som nevropatisk smerte, funksjonell smerte, radikulær smerte og utstrålande smerte

Ferdigheiter:
Studenten skal kunne innhente og analysere relevante kliniske opplysningar frå pasienten si sjukehistorie og undersøkingar. Basert på opplysningar frå pasienten skal studenten kunne tilpasse egna behandlingstiltak.

Generell kompetanse:
Studenten skal kunne:

  • Analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar relatert til individ og samfunn.

Kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og konkludere innafor fagområdet, både med spesialistar og til ålmenheita.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppeundervising, demonstrasjon samt sjølvstudium.

Arbeidsmengda i 5 stp skal tilsvara omlag 3 vekers arbeid a 40 t. arbeidsveke for studenten (1,5 stp per uke), der alt før- og etterarbeid, sjølvstudium, eksamenslesing og eksamenstid samt undervisning inngår.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingane er obligatoriske

Vurderingsformer

Skriftleg individuell eksamen på 3 timer.

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for studentanes læringsaktivitet.

Oversikt over aktuelle bøker, bokkapittel og artiklar er satt på eiga ressursliste.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin. studie@isf.uib.no

Tel: 55586100

Fagansvarleg:

Roar Jensen, førsteamanuensis: roar.jensen@broadpark.no