Smerte som fenomen

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål

Emnet gir ei grundig innføring i mekanismane som ligg til grunn for smerte og korleis både akutte og kroniske smerter kan handterast.

Innhald

Faget består av ein serie med førelesningar og gruppearbeid om det fysiologiske grunnlaget for smerte og korleis smerte kan modulerast (dempast eller sensitiviserast). Det blir også lagt vekt på konsekvensar av smerte og korleis smerte og meistring av smerte verkar inn på fysisk funksjonsnivå og har for det kliniske arbeidet og den enkelte sin oppleving av smerte. Ulike målemetodar for smerte vert og gjennomgått.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan definere, gjere greie for og diskutera

  • Kva er smerte?
  • Nevrofysiologiske konsept - organisering frå celle til hjerne
  • Smertefysiologi - perifere og sentrale mekanismar for både smertehemming og sensitivisering
  • Smerteteoriar - evolusjonen av forståinga vår av smerter frå gate kontroll teorien fram til dagens neuromatrix
  • Smerta registrering - korleis blir dette gjord i praksis og kva for utfordringar ligg det med tanke på reliabilitet og validitet.
  • Kategorisering av smertemekanismar relatert til ulike patologiske tilstandar, som nevropatisk smerte, funksjonell smerte, radikulær smerte og utstrålande smerta
  • Farmakologi og operasjon som verkemiddel for smerter
  • Ikke-farmakologiske verkemiddel for smerter
  • Alder, kjønn og genetikk - kva for ein påverknad har dette på smerte.
  • Unidisiplinære og multidisiplinære samarbeidsmodellar for smerter i første- og andrelinjetenesta.

Ferdigheiter

  • Studenten kan innhente og analysere relevante kliniske opplysningar frå pasienten si sjukehistorie og undersøkingar.
  • Basert på opplysningar frå pasienten kan studenten tilpasse egna behandlingstiltak.

Generell kompetanse
Studenten kan:

  • Analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar relatert til individ og samfunn.
  • Kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og konkludere innafor fagområdet, både med spesialistar og offentlegheita.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (tredje semester)
Krav til studierett
Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, gruppeundervising, demonstrasjon samt sjølvstudium.

Arbeidsmengda i 5 stp skal tilsvara omlag 3 vekers arbeid a 40 t. arbeidsveke for studenten (1,5 stp per uke), der alt før- og etterarbeid, sjølvstudium, eksamenslesing og eksamenstid samt undervisning inngår.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingane og gruppearbeid er obligatoriske

Studentane skal framføre ein praktisk case der smerteklassifisering kjem tydeleg fram, og der dei viser forståing for terminologien innan smerte.

Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
Karakterskala A - F