Hjem
Utdanning
Masteremne

Anatomi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT302A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (fyrste semester)

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal ha inngåande kunnskap om den funksjonelle anatomiske oppbygginga av rørsleapparatet, dvs om muskulatur, nervevev, ledd og bindevev, og kunne bruka denne kunnskapen i kliniske problemstillingar.

Innhald:

I anatomi vert det undervist i alle kroppens ledd og muskulære strukturer knytt til columna (cervical-, thoracal- og lumbalcolumna), bekken (iliosacralledd, coccyx), ekstremitetar, costae og kjeve.

Kvart tema omfattar inngåande anatomiske beskrivingar av ledd og musklar, nevrologi, sirkulasjon, biomekaniske forhold og patologi.

Læringsutbyte

Studentane skal ha inngåande kunnskap om normalanatomi så vel som patoanatomi i både columna, ekstremitetsledd og hovud, og kunne bruka denne kunnskapen på ein avansert måte i klinisk undersøking og vurdering av pasientar med muskel- og skjelettlidingar.

Krav til forkunnskapar

Basale kunnskapar frå grunnutdanninga i fysioterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

25 t førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium, eventuelt med preparatdemonstrasjon.

Undervisninga vert og knytt opp til praksis der kliniske undersøkingar og testar vert demonstrert og øvd på, i tillegg til behandlingstekniske øvingar. Dette følgjes opp vidare hos rettleier.

Arbeidsmengda i 5 stp skal tilsvara omlag 3 vekers arbeid a 40 t. arbeidsveke for studenten (1,5 stp per uke), der alt før- og etterarbeid, sjølvstudium, eksamenslesing og eksamenstid samt undervisning inngår.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisningsopplegget er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftlig individuell eksamen på 3 timer.

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur og oppgåver som skal danna utgangspunkt for studentanes læringsaktivitet. Oversikt over aktuelle bøker, bokkapittel og artiklar er satt på eiga ressursliste.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert av studentane med spørjeskjema. Resultata av evalueringa vert årleg gjennomgått av lærarane på studiet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@isf.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Jostein Ellingsen, universitetslektor: jostein.ellingsen@trollfjord.no

Roar Robinson, universitetslektor:

robinso@online.no