Hjem
Utdanning
Masteremne

Radiologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT303A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Tredje semester (vår)

Mål og innhald

Mål:

Gjennom undervisinga i radiologi er målet å gje studenten ei innføring i bildediagnostiske muligheiter og avgrensing, med vekt på bildediagnostikk med relasjon til bevegelsesapparatet. Studenten skal kunne fortolke beskrivingar av røntgenbilde, inklusiv CT og MR-bilde, og sette dei i samanheng med kliniske funn.

Innhald:

Undervisning i radiologi dekker metodelære, prosedyrelære, bildetolking, samt indikasjonar og algoritmar. Radiologiske funn vert knytt opp mot kliniske funn, med hovudvekt på muskel- og skjelettsystemet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har

* grunnleggjande kunnskap om radiologiske modalitetar, teknisk oppbygging og funksjon.

* kunnskap om praktisk gjennomføring av undersøkingar med dei ulike modalitetar

* kunnskap om prinsippa for bildetolking for diagnostikk av sjukdom v.hj.a. morfologiske og funksjonelle endringar som blir uttrykt i ulike typar bilde, f.eks. ultralyd, magnetisk resonans, computer tomografi og røntgenbilde

Ferdigheiter:

Studenten kan

* vurdere indikasjonar for bruk av ulike prosedyrar og kjenne til algoritmar for utgreiing av ulike kliniske problemstillingar.

*basert på kliniske opplysningar og den radiologiske undersøkinga, tilpasse egna behandlingstiltak.

Generell kompetanse:

Studenten kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og konkludere innanfor fagområdet, både med spesialister og til allmenheita.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga i medisinsk radiologi er delt i tre hovuddelar:

1. Ei vekes grunnkurs i radiologi med fokus på nerve-, muskel- og skjelettradiologi: Hovudtyngda i grunnkurset representerer ei grundig innføring i bildediagnostikk med relasjon til nerve-, muskel- og skjelettsystemet. Bildetolking er relatert til dei viktigaste sjukdomane innanfor bevegelsesapparatet og differensialdiagnostiske vurderingar. Undervisningsmaterialet inneheld bilde frå ei rekke kasus eller pasientar.

2. Desentralisert del: Denne delen representerer ei utviding av undervisningstida i medisinsk radiologi og vert gjennomført praktisk som 1-2 dagar med hospitering ved eit sjukehus eller røntgeninstitutt i nærleiken av praksisstaden. Studenten må sjølv avtala denne hospiteringa. Studentane skal delta i førebuinga til ulike radiologiske undersøkingar, samt vere til stades ved sjølve demonstrasjonane. Studenten skal få innsikt i korleis dei bildediagnostiske undersøkingane går føre seg, slik at pasienten kan verta informert om dette av henvisande manuellterapeut på førehand.

3. Utarbeiding av kasustikkar med gjennomgang: Dette foregår i hovudsak desentralisert, dvs. på praksisstadane, i form av gruppearbeid samen med rettleiar for å fremje kunnskap om radiologiske funn knytt opp mot ulike kliniske problemstillingar. Studenten skal utarbeide ein kasuistikk, fortrinnsvis elektronisk. Kasuistikkane vert seinare gjennomgått i plenum i siste semester. Hovudvekta blir lagt på generelle prinsipp for bildetolking og indikasjonar for ulike radiologiske prosedyrar knytt opp mot bevegelsesapparatet. Studentane skal ha kjennskap til førebuing av pasientane, praktisk gjennomføring av prosedyrane, og vanlege utredingsalgoritmar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga er obligatorisk.

Vurderingsformer

Det vert halden ein 2-timers skriftlig eksamen på slutten av vekeskurset.

Kasuistikkinnleveringen vert vurdert som Godkjent/ikkje godkjent.

Studentanes radiologiske kunnskap kan og bli vurdert som del av avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, der studenten skal kunne demonstrere om eventuelle bildediagnostiske funn har samanheng med kliniske funn. Kandidaten skal kome med forslag til eventuell vidare radiologisk utredning med relasjon til nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

Studenten må dokumentera gjennomført hospitering.

 Intern sensor

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danne utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@igs.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Jan magnus Bjordal og Torill Hystad