Hjem
Utdanning
Masteremne

Treningslære og rørsle

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (første semester) og haust (andre semester)

Mål og innhald

Overordna mål:

I treningslære og bevegelse skal studentane få forståing av sentrale modellar for motorisk kontroll og -læring. Studentane skal også forstå biomekaniske prinsipp, vurdera og analysera bevegelsar og posisjoner, og forstå korleis krefter verkar på kroppen.

Studentane skal vidare få kunnskap om korleis fysisk aktivitet verker og kva som set grenser for eit individs fysiske kapasitet.

Innhald:

Emnet omhandlar modeller for motorisk kontroll og motorisk læring; biomekaniske prinsipp og nytta desse på vev, stillingar, rørsle, undersøkingsmetodar og behandling; fysiologisk adaptasjon til styrke- uthaldenhet - og bevegeligheitstrening og korleis aktiviteten bør planleggast og gjennomførast for at den skal få optimal effekt, hovudsakleg hos pasientar med muskel- og skjelettlidingar.

Læringsutbyte

Studenten kan gjera greie for dei konsekvensar motoriske modeller, biomekaniske prinsippa og fysiologiske forhold har for korleis rørsler blir til og korleis vi skal legge til rette for at rørsler skal skje så effektivt som mulig. Studenten kan gjera greie for terapeutiske implikasjonar for ulike motoriske-, biomekaniske- og fysiologiske forhold.

Kunnskap: Studenten har inngåande kunnskap om prinsipp innan motorisk kontroll/-læring, biomekanikk og bevegelse, og kan nytta desse i undersøking av rørsler og i behandlings tiltak.

Ferdigheiter: Studenten kan utføre gode analysar av korleis testar og funksjonsundersøkingar påverkar vevet, beherskar tilpassingar i progresjon av øvingar og treningsdose ved å endra stillingar og ved å påføre ulike typar ytre kraft. Endringane i leddkrefter og muskelkreftar skal analyserast og studenten skal forholda seg kritisk til konsekvensane dette kan gje på vevet.

Studenten kan anvende treningsmetodar som ein tilrår brukt for å utvikle styrke, bevegelighet, uthaldenhet og prinsipp som ligg til grunn for trening av muskulær stabilitet.

Studenten kan ta spesielle omsyn ved trening av pasientar med muskel- og skjelettplager, samt gjera greie for dysfunksjonar som kan oppstå ved hensiktsmessig trening. Sudenten kan også anvende prinsippa om førebyggande effekt i forhold til hjerte-karsjukdom, metabolske sjukdomar og ryggplager.

Studenten kan arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk implementere kunnskapen i møte med pasientar i ein klinisk kvardag.

Generell kompetanse: Studenten kan på ein god måte kommunisera om faglege problemstillingar, biomekaniske vurderingar og rørsleanalysar, både med spesialistar og til pasientane.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

40 t førelesingar og gruppearbeid, samt sjølvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingane og gruppearbeid er obligatorisk

Vurderingsformer

5 - dagars skriftleg heimeeksamen.

Ekstern og intern sensor 

Karakterskala

Karakterskala A - F, der A er beste karakter og F er strykkarakter.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert av studentane med spørjeskjema. Resultata av evalueringa vert årleg gjennomgått av lærarane på studiet. Spørjeskjema vert lagt ut på Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Studierettleiar: studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.10.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.11.2019, 14:00
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen