Hjem
Studentsider
Masteremne

Differensialdiagnostikk og laboratoriesvar

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT305B
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (1. semester) og haust (2. semester)

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstander som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingar.

Innhald:

Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelheit, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.

Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har

  • inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensial-diagnosar for denne sjukdoms-kategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorie-analysar
  • innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte
  • kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom
  • kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesta

Generell kompetanse:

Studenten

  • Har kunnskap om dei vanlegaste lidingane som kan forvekslast med symptom frå muskel-skjelett-lidingar
  • Kjennar til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar

Krav til studierett

Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i differensialdiagnostikk og laboratoriesvar vert gjeven i form av førelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium, og er direkte knytt til kliniske eksempel og tilstander.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga er obligatorisk.

Vurderingsformer

Eksamen er ei 2-timars fleirvalsoppgåve.

Eksamen blir avvikla fredagen etter dei siste førelesingane.

Karakterskala

Karakterskala Bestått / Ikkje bestått.

Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60 % av oppgåvene.

Emneansvarleg

Jan Magnus Bjordal
e-post: Jan.Bjordal@uib.no

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no