Hjem
Utdanning
Masteremne

Trygdemedisin for primærkontakter

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT306A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (første semester)

Mål og innhald

Overordna mål:

Dette emnet tar sikte på å vidareutvikle kunnskap om og forståing trygdemedisin for primærkontakter i helsetjenesten.

Innhald:

  • I dette emnet vert aktuell trygdelovgjeving for fagutøving gjennomgått, samt vilkår for rett til trygdepengar, og verkemidlar til trygdeetaten for oppfølging av sjukmeldte, samt andre tema som ein primærkontakt må ha kunnskap om. Bevisstgjering av manuellterapeutens rolle og ansvar i primærhelsetenesta, inklusiv kjennskap til retningsliner og praksis for sjukemelding og henvising til anna helsepersonell.

Læringsutbyte

  • Studenten har kunnskap om aktuell trygdelovgjeving, kjenner til vilkår for rett til trygdepengar, og har kunnskap om trygdeetatens verkemidlar for oppfølging av sjukmeldte. Ferdig utdanna manuellterapeutar kan sjukmelde og henvisa pasientar til anna helsepersonell for vidare utgreiing eller behandling og kan fungere som primærkontaktar for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettsystemet. Studenten kan drøfte sider som er sentrale i vurdering av funksjon og restarbeidsevne.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesningar og gruppearbeid.

Om lag 20 undervisingstimar på tema:

  • Trygdemedisin, inklusiv om innhald og krav til primærkontaktrolla

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på 2 timar, i første semester.

Interne sensorar

Karakterskala

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Studierettleiar: studie@igs.uib.no