Helse og kommunikasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål:

Dette emnet tar sikte på å vidareutvikle kunnskap om og forståing for komplekse årsakssamanhengar knytt til helse og sjukdom ut frå eit individ- og samfunnsperspektiv.

Innhald:

  • Innhaldet skal dekke idéhistoriske og kulturelle samanhengar som ulike helsefaglige perspektiv har sitt utgangspunkt i. Sentrale omgrep og tema for nærmare analyse vil bl.a. vere helse, sjukdom, livskvalitet, helsefremjande arbeid og helsepsykologi, og sjukdomsførebyggande arbeid.
  • Emnet tar også utgangspunkt i eit biopsykososialt klassifikasjonssystem sett i lys av symptom og funksjon. Bevisstgjering og trening av klinisk resonneringsevne med utgangspunkt i pasientkasus vert nytta. Innføring i bruk av ulike tilnærmingar til ei klinisk avgjerd basert på kunnskapsbasert medisin og den diagnostiske vurderingsprosessen vert utdjupa.
  • Undervisning i kommunikasjonsteori inneheld faktastoff og metaforar og øvingar for bevisstgjering av korleis dette verkar inn på prosess mellom terapeut og pasient.

Læringsutbyte

  • Studenten kan greie ut om helseomgrepet og vise innsikt i teoriar om helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak. Studenten kan drøfte omgrep som helse og sjukdom relatert til muskel- og skjelettplager, samt drøfte kulturelle sider knytt til kropps- og arbeidsvanar.
  • Studenten kan også gjera greie for den diagnostiske vurderingsprosessen. Studenten kjenner til kva som inngår i ein klinisk vurderingsanalyse, og kan såleis sette opp ein handlingsplan.
  • Studenten er bevisst på korleis tydelig kommunikasjon verkar inn på prosessen mellom terapeut, pasient og samarbeidspartnara og kan drøfta føresetnader for tverrfaglig samarbeid.
  • Studienivå (studiesyklus)

    Master

    Undervisningssemester

    Haust (andre semester) + vår (tredje semester)
    Krav til studierett
    Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi
    Arbeids- og undervisningsformer

    Undervisninga skjer i form av førelesningar og gruppearbeid.

    Om lag 20 undervisingstimar er fordelt på hovudtema:

    • Teori om helse og sjukdom
    • Klinisk resonnering og vurderingsteori
    • Kommunikasjonsteori og øvingar
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Undervisninga er obligatorisk

    Deltaking i gruppearbeid

    Vurderingsformer

    Muntlig presentasjon

    Intern og ekstern sensor

    Karakterskala
    Karakterskala Bestått / Ikke bestått