Hjem
Studentsider
Masteremne

Farmakologi

Hovedinnhold

Mål og innhald

Overordna mål:

Farmakologi er eit studium av interaksjonar mellom medikament og den levande organismen.

Kurset skal gi kunnskap i generell og spesiell farmakologi.

Innhald:

  • generell farmakologi
  • lokalanestetika
  • analgetika
  • antimikrobielle middel
  • psykofarmaka
  • anestetika/anxiolytika/sedativa
  • legemiddel ved hjarte- og karsjukdomar
  • legemiddel som verkar på blodet
  • hormonpreparat
  • biverknader frå medikament på muskel/skjelettt-systemet
  • interaksjonar med bivirkninger i muskel/skjelettsystemet
  • reseptlære
  • RELIS

bruk av Felleskatalogen

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan gjere greie for generelle prinsipp for legemiddels verknad på kroppen (farmakodynamikk), samt dei viktigaste prinsippa for korleis legemiddel verker på målprotein i kroppen.

Studenten kan gjere greie for generelle prinsipp for legemiddels opptak, fordeling og omseting i kroppen, samt utskiljing frå kroppen (farmakokinetikk).

Studenten kan gjere greie for dei forskjellige legemiddelgruppene, samt gjere greie for dei viktigaste legemidla til behandling av muskel/skjelett-systemet.

Studenten kan gjere greie for dei vanlegaste biverknadane av legemiddel på muskel/skjelett-systemet.

Studenten kan gjere greie for hovudprinsippa for farmakologisk terapi av muskel/skjelett plager.

Ferdigheiter

Studenten kan vurdere korleis dei vanlegaste biverknadane av eit legemiddel verkar inn på behandlingsforløpet

Studenten kan veilede pasientar med tanke på farmakologisk terapi av muskel-/skjelettplager.

Generell kompetanse

Studenten kan kommunisera med pasientar og helsepersonell om legemiddelbruk, samt verknadar og biverknadar av legemiddel.

Studenten kan vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.

Krav til studierett

Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar 20 timar (a 45 minutt)

Undervisninga omfattar ei fagspesifikk førelesningsrekkje i farmakologi, samt førelesingar integrert i anna undervisning som kollokvier og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingane og gruppearbeida er obligatoriske

Vurderingsformer

Skriftleg avsluttande prøve, MCQ 2 timar.

Karakterskala

Karakterskala bestått/ ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Kontakt

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    15.06.2021, 12:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    01.02.2021