Hjem
Utdanning
Masteremne

Manuellterapi (MFMT) : Modul A1, del 1 (dugleiksopplæring - manuell terapi, klinisk dugleik)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT311A
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår (første) + haust (andre semester)

Undervisningsstad

Studentane skal nytte sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, godkjent av Faggruppa for masterstudier i fysioterapi ved UiB, ved ein godkjent klinisk praksisstad. Kvar student får tildelt sin praksisplass ved opptak. Plassane er spreidd rundt i Noreg og dei fleste plassane ligg utanfor Bergen.

Mål og innhald

Overordna mål:

Denne modulen skal gjera studenten i stand til å utvikle eit avansert nivå av kunnskap og ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i det nevro-muskulo-artikulære systemet.

Innhald:

Forståing av manuellterapi sine omgrep vert gjennomgått og diskutert. Det vert gjeven ei innføring i utviklingstrekka til manuellterapi si historie nasjonalt og internasjonalt. Ein ser og på dei ulike retningar innan faget som er dominerande i dag. I manuellterapi teori vert det og førelest i manuellterapeutens rolle i det norske helsevesenet - både som primærkontakt og i 2. linjeteneste.

Studentane får ei innføring i mogelege verknadsmekanismar ved ulike behandlingstiltak. Undervisninga legg vidare vekt på undersøkingsprosedyrar for dei ulike områder av rørsleapparatet og ein vektlegg å trekke terapeutiske konsekvensar av undersøkinga. Det vert undervist i metodar for undersøking og terapeutiske tiltak for ekstremitetar, kjeve, bekken og columna. Undervisninga bygger på basale kunnskapar frå fysioterapigrunnutdanninga. I kvart einskilt tema vert anatomiske beskrivingar av ledd/leddsystem, blautvev, nevrologi, sirkulasjon, biomekaniske forhold og patologi integrert. Det vert lagt stor vekt på at undersøkinga skal ende med ein diagnostisk konklusjon som igjen skal føre til terapeutiske tiltak. Desse tiltaka vert om mogeleg basert på vitskapelig dokumentasjon og klinisk resonnement, bygd opp på ein logisk samanheng mellom kliniske funn og tiltak.

Den terapeutiske sida av faget er å optimalisere rørsle med tanke på spesifikk og generell funksjon. Studiet går djupare inn i tradisjonelle fysioterapimetodar for funksjonsbetring. Nytt for studentane er innføring av manipulasjonsgrepet. Det vert lagt vekt på at dette terapeutiske verktøyet skal læras på ein grundig måte og trenas på slik at studenten skal beherske dei mest elementære teknikkane når studietida er over. I siste semester vert mykje tid brukt på diskusjonar om bruksområdet for ulike behandlingsteknikkar.

Det vert lagt stor vekt på å lære studentane praktiske ferdigheiter som er nødvendig i utføringa av faget. Behandlinga har som hovudmål å redusere smerte og normalisere funksjon. Studenten lærer å kombinere fleire tiltak for å oppnå dette. Det vert lagt vekt på anbefalte nasjonale og internasjonale retningslinjer for tiltak og studentane vert lært opp til å velja behandlingstiltak i tråd med desse. Det inneber at tiltaka kan variere frå pasient til pasient, der det terapeutiske verktøyet kan innehalde element av informasjon, tiltak for å kontrollere patologisk auka segmentell mobilitet, artikulering eller manipulasjon for nedsett segmentell funksjon, og oppfølgjande tiltak som øvingar, trening av motorisk kontroll etc. som kan bidra til ein optimal funksjon.

Ved å ta utgangspunkt i kliniske problemstillingar skal studentane få trening i å identifisera, definera, analysera, forklara og drøfta praktiske eller teoretiske problem eller fenomen. Dermed vil dei få klarleik i kva dei kan og ikkje kan, og vil gjennom dette kunne sette opp eigne læringsmål eller læringsbehov. Studenten lærer god arbeidsstilling og bruk av eigen kropp i utføring av teknikkane.

For å sikre at kunnskap og ferdigheiter vert integrert i praktisk utøving av manuellterapi, er det naudsamt med ein naturlig samanheng mellom teori og praksis. Mellom teoribolkane arbeider kvar student i klinisk praksis under rettleing.

Sentralt i denne modulen står forståing for samanheng mellom struktur og funksjon i det nevro-muskulo-artikulære system, tileigning og forståing for ulike prosedyrar for undersøking, og utvikling av evna til å kunne forholda seg kroppslig og verbalt til medstudentar og pasientar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten vere på eit avansert nivå når det gjeld kunnskap og ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i det nevro-muskulo-artikulære systemet. Studenten skal vise ferdigheiter og forståing mht prosedyrar for undersøkings- og behandlingsteknikkar som vert nytta innan manuellterapi, og kunne bruke desse i møte med pasientar.


Studentane skal ha innsikt i manuellterapis historiske grunnlag og i ulike teoretiske argumentasjonar omkring dette tema.

Studenten skal vise tekniske ferdigheiter i forbindelse med leddmobilisering (artikulering, tøying og manipulasjon). Praktiske ferdigheiter er noko som kjem med erfaring, men studenten må kjenne til bruksområda for forskjellige diagnostiske og terapeutiske virkemidlar. Han/ho skal og kjenne til indikasjonar og kontraindikasjonar for bruk av ulike teknikkar.

Studenten skal kritisk kunne vurdere teoretiske forklaringsmodellar og tiltak opp mot ny kunnskap på bakgrunn av forsking.

Ferdigheitsmål:

  • kunne utføre generelle og spesifikke undersøkingsteknikkar av det nevro-muskulo-artikulære systemet
  • kunne bruke kunnskap / funn innhenta gjennom anamneseopptak og den kliniske undersøkinga i behandling av pasientar
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i blautdelsteknikkar på ekstremiteter og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i artikuleringsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i manipulasjonsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå ved bruk av kjente ortopediske, nevrologiske og sirkulatoriske undersøkingsprosedyrar
  • kunne demonstrere god innsikt i generell og spesifikk trening og ergonomisk rådgjeving ved skader i det nevro-muskulo-artikulære systemet

Krav til forkunnskapar

Undervisninga bygger på ferdigheiter og kunnskap frå grunnutdanninga i fysioterapi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Innlæring og ferdigheitstrening av prosedyrar for undersøking og manuellterapi teknikkar skjer i felles obligatorisk undervisning ved universitetet. Det vert veksla mellom teori og praktisk undervisning. Ein nyttar seg av både demonstrasjon, studentøvingar, personlig rettleiing og kollokviegrupper som pedagogiske hjelpemidlar i innføring av praktiske ferdigheiter. Bruk skjer deretter mellom kvar undervisningsblokk i pasientbehandlingssituasjonar. Studentane skal anvende sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, godkjent av Faggruppa for masterstudier i fysioterapi ved UiB, ved ein godkjent klinisk praksisstad. Rettleiar har ansvar for at teknikkar og prosedyrar som er undervist ved universitetet, blir anvendt. Alle studentane må sjølv ha kjent på eigen kropp korleis det er å verta behandla med ulike manuellterapi teknikkar. Dei trenar på kvarandre i undervisningssituasjonen.

I første og andre semester er det til saman 180 timer med teori- og praksisundervisning ved universitetet. I periodane mellom oppheld studenten seg 28 t/veke på tildelt praksisplass og arbeider med pasientar under rettleiing av fysioterapeut som er spesialist i manuellterapi. I løpet av eitt år skal studenten ha undersøkt og behandla minimum 900 pasientar og motteke 125 med rettleiing av praksisleiaren.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga og praksisarbeidet er obligatorisk.

Kunne dokumentera minimum 900 pasientkonsultasjonar og 125 timar rettleiing.

For å kunne gå opp til eksamen kan ikkje studenten ha eit fråvær frå undervisninga som overskrider 20%.

Vurderingsformer

Studenten vert vurdert undervegs i studiet i høve til læringsmål og kvalitetsmål. Ein klinisk eksamen vert gjennomført på slutten av andre semester. Dette er ein praktisk munnlig prøve der kandidaten trekker ei undersøkings- og ei behandlingsoppgåve. Studenten blir vurdert med omsyn til teknisk ferdigheitsnivå og evne til forståing av testanes verdi og bruk. Denne eksamineringa tar ca. 30 min. Sjølve eksamineringa vert gjort av ein av MT-lærarane ved UiB. Heile denne eksamen vert sensurert og evaluert av ekstern sensor som er til stades ved eksaminasjonen og i tillegg kan koma med supplerande spørsmål til studenten.

Studentane skal føre protokoll etter fastlagte retningslinjer over anvendte behandlingstiltak som vert gjort i løpet av heile praksisperioden. Studenten skal ha gjennomført minimum 900 pasientbehandlingar det første året. Protokollen skal innleverast kvart halvår. Praksisrettleiaren til studenten evaluerer kontinuerlig studentens kommunikasjonsevne med pasientar, kollegar og samarbeidspartnara, og bruk av ulike kommunikasjonsverktøy i den diagnostiske prosessen, både munnlig og skriftleg. Skriftleg tilbakemelding til student og fagansvarleg vert gjeven kvart halvår.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane og som kan nyttast ved ulike eksamens- og vurderingsformer.

Emneevaluering

Studentane evaluerer både læringa som skjer ved universitetet og det som skjer på praksisplassane kvart halvår.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@igs.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Lars-Geir Larsen: http://www.uib.no/personer/Lars-Geir.Larsen