Manuellterapi 1

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål:

Dette emnet skal gjera studenten i stand til å utvikle eit avansert nivå av kunnskap og ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i muskel/skjelett-systemet.

Innhald:

Det vert gjeven ei innføring i manuellterapi si historie nasjonalt og internasjonalt. I manuellterapiteori vert det og førelest i manuellterapeutens rolle i det norske helsevesenet - både som primærkontakt og i 2. linjeteneste. Det vert undervist i metodar for undersøking og terapeutiske tiltak for ekstremitetar, kjeve, bekken og columna. Undervisninga bygger på kunnskapar frå bachelorgraden i fysioterapi, med kritisk vurdering av testanes validitet, reliabilitet og diagnostiske verdi.

Studentane får ei innføring i dokumenterte og mogelege verknadsmekanismar ved ulike behandlingstiltak. Undervisninga legg vidare vekt på undersøkingsprosedyrar for dei ulike områder av rørsleapparatet og ein vektlegg å trekke terapeutiske konsekvensar av undersøkinga. I kvart einskilt tema vert anatomiske beskrivingar av ledd/leddsystem, blautvev, nevrologi, sirkulasjon, biomekaniske forhold og patologi integrert. Det vert lagt vekt på at undersøkinga skal ende med ein diagnostisk konklusjon som kan føre til aktuelle behandlingstiltak. Desse tiltaka vert om mogeleg basert på vitskapeleg dokumentasjon og klinisk resonnement, bygd opp på ein logisk samanheng mellom kliniske funn og tiltak.

Studiet tek føre seg fysioterapimetodar og særleg manuelle behandlingsformer for funksjonsforbetring og smertereduksjon. Studentane får innføring i bruksområde, indikasjonar og kontraindikasjonar for manipulasjonsgrepet. Studentane vil beherske relevante manuelle behandlingsteknikkar når studietida er over. I siste semester vert mykje tid brukt på diskusjonar om bruksområdet for ulike behandlingsstrategiar.

Det vert lagt stor vekt på at studentane lærar praktiske ferdigheiter som har som hovudmål å redusere smerte og normalisere funksjon. Studenten lærer gjennom klinisk resonnering å kombinere fleire tiltak for å oppnå dette. Det vert lagt vekt på anbefalte nasjonale og internasjonale retningslinjer for tiltak og studentane vert lært opp til å velja behandlingstiltak i tråd med desse.

Tiltaka kan variere frå pasient til pasient. Dei terapeutiske verktøya kan innehalde element av informasjon, tiltak for å forbetre nedsett grad av muskulær kontroll, stabilisering og bevegelse som kan bidra til ein optimal funksjon.

Ved å ta utgangspunkt i kliniske problemstillingar skal studentane få trening i å identifisera, definera, analysera, forklara og drøfta praktiske eller teoretiske problem eller fenomen. Studenten lærer god arbeidsstilling og rasjonell bruk av eigen kropp i utføring av manuellterapiteknikkane.

For å sikre at kunnskap og ferdigheiter vert integrert i praktisk utøving av manuellterapi, er det naudsynt med ein naturlig samanheng mellom teori og praksis. Mellom teoribolkane arbeider kvar student i klinisk praksis under rettleiing.

Læringsutbyte

Studentar vil etter gjennomføring ha innsikt i manuellterapi sitt historiske grunnlag og i ulike teoretiske argumentasjonar omkring dette tema. Studenten har kunnskap på eit avansert nivå når det gjeld ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i muskel/skjelett-systemet. Studenten kan vise ferdigheiter og forståing m.o.t prosedyrar for undersøkings- og behandlingsteknikkar som vert nytta innan manuellterapi, og bruke desse i klinisk resonnering i møtet med pasientar.

Studenten viser tekniske ferdigheiter i forbindelse med leddmobilisering (artikulering, tøying og manipulasjon). Han/ho kjenner og til indikasjonar og kontraindikasjonar for bruk av ulike manuellterapiteknikkar.

Studenten kan kritisk vurdere teoretiske forklaringsmodellar og tiltak opp mot vitskapeleg ny kunnskap på bakgrunn av forsking.

Ferdigheitsmål:

  • kan utføre generelle og spesifikke undersøkingsteknikkar av det nevro-muskulo-artikulære systemet
  • kan gjere klinisk resonnering basert på kunnskap / funn innhenta gjennom anamneseopptak og den kliniske undersøkinga i behandling av pasientar
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i blautdelsteknikkar på ekstremitetar og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i artikuleringsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i manipulasjonsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå ved bruk av kjente ortopediske, nevrologiske og sirkulatoriske undersøkingsprosedyrar
  • kan demonstrere god innsikt i generell og spesifikk trening og ergonomisk rådgjeving ved skader i det nevro-muskulo-artikulære systemet

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (første) + haust (andre semester)

Undervisningsstad

Studentane skal nytte sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, på ein godkjent klinisk praksisstad. Kvar student får tildelt sin praksisplass ved opptak og praksisplassane er spreidd rundt i Noreg.
Krav til forkunnskapar

Undervisninga bygger på ferdigheiter og kunnskap frå bachelorgraden i fysioterapi.

2 års klinisk erfaring som fysioterapeut.

Krav til studierett
Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi
Arbeids- og undervisningsformer

Innlæring og ferdigheitstrening av prosedyrar for undersøking og manuellterapiteknikkar skjer i felles obligatorisk undervisning på campus. Det vert veksla mellom teori og praktisk undervisning. Ein nyttar seg av både demonstrasjon, studentøvingar, personleg rettleiing og kollokviegrupper som pedagogiske hjelpemiddel i innøving av praktiske ferdigheiter. Studentane skal anvende sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, ved ein praksisstad godkjent av UiB. Rettleiar har ansvar for at teknikkar og prosedyrar som er undervist ved universitetet, blir anvendt. Alle studentane øver på einannan og kjennar på eigen kropp korleis det er å verta behandla med ulike manuellterapiteknikkar.

I første og andre semester er det til saman 180 timar med teori- og praksisundervisning ved universitetet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga og praksisarbeidet er obligatorisk. For å kunne gå opp til eksamen kan ikkje studenten ha eit fråvær frå undervisninga som overskrid 20%.

Studenten skal ha gjennomført minimum 750 pasientbehandlingar og motteke 100 timar rettleiing det første året. Studenten skal føre protokoll etter fastlagte retningslinjer over anvendte behandlingstiltak som vert gjort i løpet av heile praksisperioden. Protokollen skal innleverast kvart halvår. Praksisrettleiaren til studenten gjev kontinuerleg studenten respons på kommunikasjonen med pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar. Det vert vektlagt innføring i ulike kommunikasjonsverktøy i den diagnostiske prosessen, både munnleg og skriftleg. Skriftleg tilbakemelding til student og fagansvarleg vert gjeven kvart halvår.

Vurderingsformer

Studenten vert vurdert undervegs i studiet i høve til læringsmål.

Ein klinisk ferdigheitseksamen vert gjennomført på slutten av andre semester. Dette er ein prøve kor kandidaten trekker ei undersøkings- og ei behandlingsoppgåve. Studenten vert vurdert med omsyn til teknisk ferdigheitsnivå og evne til forståing av testanes validitet og reliabilitet. Denne eksamineringa tar ca. 30 min. Heile denne eksamen vert sensurert og evaluert av ekstern sensor som er til stades ved eksaminasjonen og i tillegg kan koma med supplerande spørsmål til studenten.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Emneevaluering
Studentane evaluerer både læringa som skjer ved universitetet og det som skjer på praksisplassane kvart halvår.