Hjem
Utdanning
Masteremne

Manuellterapi 2

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT312A
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår + haust (tredje og fjerde semester)

Undervisningsstad

Praksis skjer ved tildelt praksisplass på fysikalsk institutt. Plassane er spreidd rundt i Noreg og dei fleste plassane ligg utanfor Bergen.

Mål og innhald

Overordna mål:

Etter fullført utdanning skal studenten ha eit avansert nivå av kunnskap i undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i det nevro-muskulo-artikulære systemet og beherske kliniske ferdigheiter innan manuellterapi.

Innhald:

Modul MANT312 bygger vidare på innhaldet i modul MANT311. Nye teknikkar innan undersøkings- og behandlingsprosedyrar blir lagt til. Undervisninga legg vidare vekt på å perfeksjonere kliniske ferdigheiter der kunnskap frå basalfag (anatomi, biomekanikk, smertefysiologi, bevegelsesvitenskap og treningsteori) og teoretiske støttefag (klinisk resonnering, kommunikasjon, helse og sjukdom, klassifisering, trygdemedisin) blir integrert. Det vert brukt mykje tid på diskusjonar om bruksområdet for ulike behandlingsteknikkar samt korleis studenten skal møte pasienten som primærkontakt.

Tiltaka skal vera basert på vitskapeleg dokumentasjon og klinisk resonnering.

Sentralt i denne modulen står forståing for samanheng mellom struktur og funksjon i det nevro-muskulo-artikulære system, tileigning og forståing for ulike prosedyrar for undersøking, og utvikling av evna til å kunne forholda seg kroppslig og verbalt til medstudentar og pasientar.

Læringsutbyte

Etter fullført modul skal studenten ha eit avansert nivå av kunnskap og ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i det nevro-muskulo-artikulære systemet, sett i eit biopsykososialt perspektiv og såleis:

  • kunna integrera teori og praksis
  • på sjølvstendig grunnlag kunna gi den omsorg og treffe nødvendige tiltak i møte med pasienten
  • kunne planleggja og setta i gang adekvate behandlingsstrategiar som ivareta pasientens behov på både kort og lang sikt
  • gjera greie for helse og sjukdom i eit heilskaplig bio-psyko-sosialt perspektiv
  • kunne gjera greie for ei grunnleggande forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettsystemet også kan skyldes psykologiske og sosiale forhold
  • kunne vurdera undersøking og tiltak ut frå ICF-modellen.

Ferdigheitsmål:

  • meistre generelle og spesifikke undersøkingsteknikkar av det nevro-muskulo-artikulære systemet
  • kunne anvende kunnskap / funn innhenta gjennom anamneseopptak og den kliniske undersøkinga i behandling av pasientar
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i blautdelsteknikkar på ekstremiteter og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i artikuleringsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå i manipulasjonsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kunne demonstrere eit forsvarlig ferdigheitsnivå ved bruk av kjente ortopediske, nevrologiske og sirkulatoriske undersøkingsprosedyrar
  • kunne demonstrere god innsikt i generell og spesifikk trening og ergonomisk rådgjeving ved skader i det nevro-muskulo-artikulære systemet

Krav til forkunnskapar

Modul MANT312A bygger vidare på innhaldet i modul MANT311A.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Innlæring og ferdigheitstrening av prosedyrar for undersøking og manuellterapi teknikkar vil skje i felles obligatorisk undervisning ved universitetet. Det vert veksla mellom teori og praktisk undervisning. Ein nyttar seg av både demonstrasjon, studentøvingar, personlig rettleiing og kollokviegrupper som pedagogiske hjelpemidlar i innføring av de praktiske ferdigheiter. Bruk skjer deretter mellom kvar undervisningsblokk i pasientbehandlingssituasjonar. Studentane skal anvende sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, godkjent av Faggruppa for masterstudier i fysioterapi ved UiB, ved ein godkjent klinisk praksisstad. Rettleiar har ansvar for at teknikkar og prosedyrar som er undervist ved universitetet, blir anvendt. Alle studentane må sjølv ha kjent på eigen kropp korleis det er å verta behandla med ulike manuellterapi teknikkar. Dei trenar på kvarandre i undervisningssituasjonen.

I tredje og fjerde semester er det til saman 180 timer med teori- og praksisundervisning ved universitetet. I periodane mellom oppheld studenten framleis seg 28 t/veke på tildelt praksisplass og arbeider med pasientar under rettleiing av fysioterapeut som er spesialist i manuellterapi. I løpet av også det siste studieåret skal studenten ha undersøkt og behandla minimum 900 pasientar og hatt 125 timer med rettleiing av praksisleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minimum 900 pasientkonsultasjonar og 125 timar rettleiing.

Vurderingsformer

Studenten vil bli vurdert undervegs i studiet i høve til læringsmål og kvalitetsmål. Studentane skal føre protokoll etter fastlagte retningslinjer over anvendte behandlingstiltak som vert gjort i løpet av heile praksisperioden på 2 år. Protokollen skal innleverast kvart halvår. Praksisrettleiaren til studenten evaluerer kontinuerlig studentens kommunikasjonsevne med pasientar, kollegar og samarbeidspartnara, og evne til å nytte ulike kommunikasjonsverktøy i den diagnostiske prosessen, både munnlig og skriftleg. Skriftleg tilbakemelding til student og fagansvarleg vert gjeven kvart halvår.

Ein klinisk avsluttande eksamen vert gjennomført på slutten av fjerde semester. Dette er ein klinisk praktisk eksamen der studenten får tildelt ein reell pasient. Studenten skal undersøke pasienten, legge fram journal med epikrise, kliniske funn, diagnostiske konklusjonar og forslag til tiltak på kort og lang sikt. Deretter vert studenten eksaminert i behandlingstiltaka som foreslåas. I tillegg blir kandidaten eksaminert på andre behandlingsteknikkar for å kvalitetssikre at bl.a. manipulasjonsgrepet utføres etter innlært standard. Denne eksamineringa tar 1 time, i tillegg til at studenten har undersøkt pasienten og skreve sin journal 1 1/2 time før eksamineringa startar.

Sjølve eksamineringa vert gjort av ein av MT-lærarane ved Universitetet i Bergen. Heile denne eksamen vert sensurert og evaluert av ekstern sensor som er til stades ved eksaminasjonen og i tillegg kan koma med supplerande spørsmål til kandidaten.

Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha bestått alle tidligare interne oppgåver og eksamen. Etter søknad kan avsluttande klinisk eksamen avleggjast før masteroppgåva er innlevert. Studenten må ikkje ha et fråvær frå undervisninga som overskrider 20%. Det må også føreligge dokumentasjon frå rettleiar for gjennomført og godkjent klinisk praksis før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane og som kan nyttast ved ulike eksamens- og vurderingsformer.

Emneevaluering

Studentane evaluerer både læringa som skjer ved universitetet og det som skjer på praksisplassane kvart halvår.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@igs.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Lars-Geir Larsen: http://www.uib.no/personer/Lars-Geir.Larsen