Manuellterapi 2

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål:

Etter fullført utdanning skal studenten ha eit avansert nivå av kunnskap i undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar i muskel/skjelettsystemet og beherske kliniske ferdigheiter innan manuellterapi.

Innhald:

Emnet MANT312A bygger vidare på innhaldet i MANT311B. Nye manuelle teknikkar innan undersøkings- og behandlingsprosedyrar blir lagt til. Undervisninga legg vidare vekt på å perfeksjonere kliniske ferdigheiter og teoretiske støttefag (klinisk resonnering, kommunikasjon, helse og sjukdom, klassifisering, trygdemedisin) blir integrert. Det blir brukt mykje tid på diskusjonar om bruksområdet for ulike behandlingsteknikkar samt korleis studenten skal møte pasienten som primærkontakt.

Tiltaka skal vera basert på vitskapeleg dokumentasjon og klinisk resonnering.

Sentralt i denne modulen står tileigning og forståing for ulike prosedyrar for undersøking, og utvikling av evna til å kunne forholda seg kroppsleg og verbalt til medstudentar og pasientar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten eit avansert nivå av kunnskap og ferdigheiter i klinisk undersøking, behandling og handtering av sjukdomstilstandar og symptomar i muskel/skjelett systemet, sett i eit biopsykososialt perspektiv og såleis:

  • har avansert kunnskap og ferdigheitar i undersking og behandling av dei vanlegaste muskel/skjelett-lidingane som artrose, tendinopatiar, nakkesmerter og korsryggsmertar
  • kan integrera teori og praksis
  • kan på sjølvstendig grunnlag gi den omsorg og treffe nødvendige tiltak i møte med pasienten
  • kan som primærkontakt planleggja og setta i gang adekvat behandling som ivaretek pasientens behov på både kort og lang sikt
  • gjera greie for helse og sjukdom i eit heilskapleg bio-psyko-sosialt perspektiv
  • gjera greie for ei grunnleggande forståing for at korleis feilfunksjonar i muskel- og skjelettsystemet oppstår og psykologiske og sosiale faktorer si prognostiske betydning
  • kan vurdera undersøking og tiltak ut frå ICF-modellen.

Ferdigheitsmål:

  • meistrar generelle og spesifikke undersøkingsteknikkar av det nevro-muskulo-artikulære systemet
  • kan anvende kunnskap / funn innhenta gjennom anamneseopptak og den kliniske undersøkinga i behandling av pasientar
  • kan utøve rollen som primærkontakt, og ved behov rettvise til andre undersøkelser og spesialisthelsetjenesten der dette er naudsynt
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i blautdelsteknikkar på ekstremitetar og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i artikuleringsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå i manipulasjonsteknikkar på perifere ledd og columna
  • kan demonstrere eit forsvarleg ferdigheitsnivå ved bruk av kjente ortopediske, nevrologiske og sirkulatoriske undersøkingsprosedyrar
  • kan demonstrere god innsikt i generell og spesifikk trening og ergonomisk rådgjeving ved dysfunksjon i det nevro-muskulo-artikulære systemet

Undervisningssemester

Vår + haust (tredje og fjerde semester)

Undervisningsstad

Praksis skjer ved tildelt praksisplass på fysikalsk institutt. Plassane er spreidd rundt i Noreg og dei fleste plassane ligg utanfor Bergen.
Krav til forkunnskapar
Emnet MANT312A bygger vidare på innhaldet i MANT311B.
Krav til studierett
Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi
Arbeids- og undervisningsformer

Innlæring og ferdigheitstrening av prosedyrar for undersøking og manuellterapiteknikkar skjer i felles obligatorisk undervisning ved universitetet. Det vekslar mellom teori og praktisk undervisning. Ein nyttar seg av både demonstrasjon, studentøvingar, personleg rettleiing og kollokviegrupper som pedagogiske hjelpemidlar i innføring av de praktiske ferdigheiter. Bruk skjer deretter mellom kvar undervisningsblokk i pasientbehandlingssituasjonar. Studentane skal anvende sine ferdigheiter under supervisjon hos rettleiar, godkjent av Faggruppa for masterstudiar i fysioterapi ved UiB, ved ein godkjent klinisk praksisstad. Rettleiar har ansvar for at teknikkar og prosedyrar som er undervist ved universitetet, blir anvendt. Alle studentane må sjølv ha kjent på eigen kropp korleis det er å verta behandla med ulike manuellterapi teknikkar. Dei trenar på kvarandre i undervisningssituasjonen.

I tredje og fjerde semester er det til saman 180 timer med teori- og praksisundervisning ved universitetet. I periodane mellom oppheld studenten framleis seg 28 t/veke på tildelt praksisplass og arbeider med pasientar under rettleiing av fysioterapeut som er spesialist i manuellterapi. I løpet av også det siste studieåret skal studenten ha undersøkt og behandla minimum 750 pasientar og hatt 100 timer med rettleiing av praksisleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga og praksisarbeidet er obligatorisk. For å kunne gå opp til eksamen kan ikkje studenten ha eit fråvær frå undervisninga som overskrid 20%.

Studenten skal ha gjennomført minimum 750 pasientbehandlingar og 100 timar rettleiing det andre året. Studenten skal føre logg etter fastlagte retningslinjer over anvendte behandlingstiltak som vert gjort i løpet av heile praksisperioden. Loggen skal innleverast kvart halvår. Praksisrettleiaren til studenten evaluerer kontinuerleg studentens kommunikasjonsevne med pasientar, kollegar og samarbeidspartnarar, og evne til å nytte ulike kommunikasjonsverktøy i den diagnostiske prosessen, både munnleg og skriftleg. Skriftleg tilbakemelding til student og fagansvarleg vert gjeven kvart halvår.

Vurderingsformer

Studenten vil bli vurdert undervegs i studiet i høve til læringsmål.

Ein klinisk avsluttande eksamen vert gjennomført på slutten av fjerde semester. Dette er ein klinisk praktisk eksamen der studenten får tildelt ein reell pasient frå MT-klinikkar i nærleiken. Studenten skal undersøke pasienten, legge fram journal med epikrise, kliniske funn, diagnostiske konklusjonar og forslag til tiltak på kort og lang sikt. Deretter vert studenten eksaminert i behandlingstiltaka som foreslåast. I tillegg vert kandidaten eksaminert på andre behandlingsteknikkar for å kvalitetssikre at bl.a. manipulasjonsgrepet vert utført etter innlært standard. Denne eksamineringa tar 1 time, i tillegg til at studenten har undersøkt pasienten og skreve sin journal 1 1/2 time før eksamineringa startar.

Sjølve eksamineringa vert gjort av ein av staben ved Universitetet i Bergen. Heile denne eksamen vert sensurert og evaluert av ekstern sensor som er til stades ved eksaminasjonen og i tillegg kan koma med supplerande spørsmål til kandidaten.

Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha bestått alle tidlegare interne oppgåver og eksamen. Etter søknad kan avsluttande klinisk eksamen avleggjast før masteroppgåva er innlevert.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Emneevaluering
Studentane evaluerer både læringa som skjer ved universitetet og det som skjer på praksisplassane kvart halvår.